Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 16. jun 2026

Helge André Njåstad
Helge André Njåstad
Fremskrittspartiet·Hordaland

SakInnstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Kommuneproposisjonen 2027 (Innst. 448 S (2025–2026), jf. Prop. 94 S (2025–2026))

Innlegget

Eg er rimeleg sikker på at òg Lebesby kommune hadde større inntekter frå havbruk i 2021 enn dei hadde i 2013. Isåfall vil det vera veldig oppsiktsvekkjande viss den styrkinga av havbruksfondet som kom på vår vakt, ikkje kom heilt opp til Finnmark. Då bør isåfall Riksrevisjonen sjå på saka og sjekka kor pengane er blitt av, for fakta er at vår regjering og vårt stortingsfleirtal styrkte kommuneøkonomien på havbruk på ein del av dei tinga der, og gjekk i den retninga. No går ein i motsett retning, at meir skal sentraliserast til Finansdepartementet. Når det gjeld bygdevekstavtalene, er det vel ingen som trur at det er bygdevekstavtalane som løyser ting. Det som løyser ting, er meir sjølvstyre, meir private arbeidsplassar og meir ja-kommunar. Difor har me heilt andre verkemiddel for å styrkja distrikta enn ei statleg ordning med bygdevekstavtalar for nokre få utvalde kommunar.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat