Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 16. jun 2026

Helge André Njåstad
Helge André Njåstad
Fremskrittspartiet·Hordaland

SakInnstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Kommuneproposisjonen 2027 (Innst. 448 S (2025–2026), jf. Prop. 94 S (2025–2026))

Innlegget

Eg håpar at ein kan sjå masse handling snart. Eg håpar òg at kommunevalet vil gje mange FrP-ordførarar, FrP-byrådsleiarar – og gjerne i samarbeid med Høgre. Då skal ein skal sjå masse handling, og då skal ein sjå at private slepp til som eit supplement. Kven som driv ein eldreomsorgsteneste, er éin diskusjon, og kven som finansierer det, er éin diskusjon. For oss er viktig at det offentlege finansierer det. Me vil at staten skal finansiera det direkte. Kven som driv det, er ikkje fullt så viktig, der er det kvaliteten som er avgjerande. Det er vår modell. Difor kan me gjerne ha statleg finansiert eldreomsorg, som er driven av anten kommunen, private eller ideelle. Når det gjeld kommunereform, så tok eg det ordet i min munn, men eg visste jo forskjellen på Framstegspartiet og Høgre. Eg sa ikkje at Høgre er veldig for kommunereforma, men eg sa at alle andre parti seier at den skal baserast på frivilligheit, fordi me trur at kommunane er best i stand til det. Me understreka òg veldig tydeleg i vårt program at kommunane må vurdera om dei er store nok til å ta imot fylkeskommunale oppgåver, no som me – forhåpentlegvis i lag med Høgre – skal leggja ned fylkeskommunen.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat