Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 16. jun 2026

SakInnstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Kommuneproposisjonen 2027 (Innst. 448 S (2025–2026), jf. Prop. 94 S (2025–2026))
Innlegget
Me tenkjer at det er lurt å ta vekk den eine skatten som kommunane kan innføra, fordi det blir fort ei kvilepute. For dei kommunane som treng å styrkja inntektene sine, er det lett å berre senda rekninga til bustadeigarar, i staden for å effektivisera eiga drift eller læra av dei kommunane som klarar seg utan eigedomsskatt. Difor meiner me at når det finst kommunar i Noreg som klarar seg utan eigedomsskatt, burde me hatt det som hovudregel, spesielt når er så dyrt for hushaldningar å bu frå før– fordi straumen blir dyrare, mat blir dyrare, bensin og diesel blir dyrare. Då kan me iallfall seia at kommunane ikkje skal kunna senda ei ekstrarekning. Difor er det er viktig, viss ein ønskjer å sjå heilskapen i vårt opplegg, der me set ned både skattar og avgifter for innbyggjarar i Noreg, men styrkjer kommuneøkonomien gjennom meir til eldreomsorg, meir til skule og meir til barnehagar. Det står i vårt alternative statsbudsjett veldig tydeleg forklart både korleis me skal senka skattane og styrkja kommuneøkonomien – og stoppa med anna sløsing, som me hentar inn pengar på å slutta med.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat