Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 16. jun 2026

Helge André Njåstad
Helge André Njåstad
Fremskrittspartiet·Hordaland

SakInnstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Kommuneproposisjonen 2027 (Innst. 448 S (2025–2026), jf. Prop. 94 S (2025–2026))

Innlegget

Statsråden både innleiar og avsluttar innlegget sitt med å snakke om tryggleik. Det er flott, med tanke på at beredskap er viktig. Eg snakka i innleiinga mi òg om synet Framstegspartiet har på beredskap og om den viktige rolla kommunane har som fyrstelinje, i lag med politiet, når det gjeld beredskap. Det som bekymrar meg litt, er at veldig mange kommunar meld frå om at dei synest det er usikkert kva slags beredskapsoppgåver dei har, kva som er forventningane til staten, og korleis dei skal kunne rigga seg til, tryggje på at dei får fullfinansiert den oppgåva. Difor stussar eg litt over at regjeringspartiet Arbeidarpartiet ikkje er med på det forslaget som FrP og Høgra har, om at regjeringa må gjera det klart overfor kommunane kva som vert forventa av kommunesektoren for å styrkja beredskapen. Det er rimeleg openbert at fleire burde kunne støtta det. Kvifor synest ikkje regjeringa at det er ein god idé at regjeringa skal fortelja kommunane kva dei skal gjera for å styrkja beredskapen?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat