Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 16. jun 2026

Helge André Njåstad
Helge André Njåstad
Fremskrittspartiet·Hordaland

SakInnstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Kommuneproposisjonen 2027 (Innst. 448 S (2025–2026), jf. Prop. 94 S (2025–2026))

Innlegget

Heller ikkje Framstegspartiet stakkarsleggjer kommunane. Det me seier, er at kommunane må verta fullfinansierte når det gjeld det viktig ansvaret dei har, og at nye oppgåver og nye krav alltid skal verta følgt av fullfinansiering. Men me registrerer at statsforvalterane har ei rekkje tilsyn med kommunane som viser at det er ein del avvik. Det handlar om at me vil setja kommunane i stand til å levera endå betre tenester innan beredskap og til å vera endå betre førebudde. Når ein får ein del avvik, fortel det kanskje at ein må understreka litt kva som vert forventa av ein kommune. Ein viktig del av beredskap er å ha nok moglegheiter til å kunna transportera folk i ein situasjon der ein kanskje ikkje har tilgang på straum, og der ein ikkje kan lada elbilar og slikt. Regjeringa sin politikk om å stilla krav om nullutslepp i alle moglege anbod står kanskje i motstrid til omsynet til beredskap ved at det kan vera lurt å ha ein del transportmiddel som går på bensin og diesel. Meiner regjeringa verkeleg at ein skal elektrifisera absolutt alt, eller kan det av omsyn til beredskapen vera lurt å ha ein del transportmiddel som går på bensin og diesel?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat