Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 16. jun 2026

Liv Kari Eskeland
Liv Kari Eskeland
Høyre·Hordaland

SakInnstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Kommuneproposisjonen 2027 (Innst. 448 S (2025–2026), jf. Prop. 94 S (2025–2026))

Innlegget

Tru det eller ei: Eg kan faktisk forstå dei som har eit litt romantisk forhold til ferjer – å reisa på blikk stille sjø, eta svele og sjå nisene hoppe i fjorden. Likevel er dette ikkje kvardagen til oss på kysten som definerer ferja som ein del av vegen vår. Det er ein del av vegen der trafikken stort sett går mellom 20 og 30 kilometer i timen, som er stengd opp mot 95 pst. av tida fordi det faktisk ikkje ligg ferje til kai, og der tåke, tekniske problem, ver og kviletidsreglar for mannskapet gir oss ytterlegare utfordringar med forseinkingar og heft, og dertil forseintkoming til fly, møter og avtalar. Det gjer at næringslivet må leggja inn buffertid og taper konkurransekraft, og me reduserer moglegheitene for bu- og arbeidsmarknadsutvikling. I lengre tid har me jobba med ferjeavløysingsprosjekt, og tru meg: Dette er i sanning eit vinn-vinn-prosjekt for samfunnet, der befolkning og næringsliv vil henta gevinsten. Det er så enkelt at dei pengane som staten eller fylket skulle ha brukt på ferjer, bruker ein heller til å byggje bruer. No er tida sett til 45 år, men Finansdepartementet har til no ikkje opna for at ein kan bruka det til f.eks. kapitalkostnader. Det gjer at ein del av desse prosjekta faktisk er stoppa, og her er det stort forbetringspotensial. I ein parentes kan det nemnast at det å drifta dei fem ferjesambanda som Hordfast representerer, utgjer 900 mill. kr i året. Legg ein 45 år til grunn, er ein langt på veg til å dekkja inn det prosjektet kostar. Tek ein i betraktning at dette sambandet vil leve i 100 år, er det ein formidabel samfunnsgevinst. Då har eg enno ikkje teke med tidsinnsparinga med tanke på dei ulempene tåke og ver utgjer, at vegen er open 100 pst. av tida, for ikkje å snakka om trafikktryggleiken. Eg er no veldig glad for at det er eit fleirtal på Stortinget som ønsker å forbetra ferjeavløysingsordninga, og som forstår behova til næringslivet og innbyggjarane langs kysten. Det kan bety vera eller ikkje vera for små og store bedrifter langs kysten, det sikrar busetnad og dermed òg kompetanse for viktig næringsliv, og det syt for at me bind landet saman til beste for alle – og så skulle me jo ønskja at regjeringa såg det same.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat