Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 16. jun 2026

Marius Langballe Dalin
Marius Langballe Dalin
Miljøpartiet De Grønne·Sogn og Fjordane

SakInnstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Kommuneproposisjonen 2027 (Innst. 448 S (2025–2026), jf. Prop. 94 S (2025–2026))

Innlegget

Vårens vakraste eventyr er her for oss som er nerdar på kommunepolitikk. Det er nemleg kommuneproposisjonen. Det er rett og slett ein liten festdag. Det er i kommunane det skjer. Der lever vi livet vårt, og der yter vi tenestene til befolkninga, som administrasjon, politikarar og tenesteytarar. Å gi signal til kommunane om korleis rammene blir vidare, er heilt avgjerande for kommunal planlegging, for nettopp å planleggje dei gode liva, sånn at vi som innbyggjarar skal kunne leve det gode livet og få dei tenestene vi treng, når vi treng dei. MDG er oppteke av eit samfunn med små forskjellar, der vi lever nettopp det gode livet. med lite avtrykk på klima og natur, til glede for dei som kjem etter oss. Difor er det forstemmande å sjå at det er så intense angrep på statsforvaltaren og den rolla statsforvaltaren har. Det er faktisk Stortingets eigne reglar statsforvaltaren forvaltar, nettopp for å ta vare på interessene til allmenta og unngå nettopp tragedien til allmenninga, der det som gagnar den enkelte, ikkje gagnar samfunnet. Vi må klare å motverke det, nettopp for dei som kjem etter. Vi meiner likevel at fleksibilitet for kommunane til å leggje planar er svært viktig. Det er viktig å få på plass gode ordningar for tidleg avklaring av f.eks. forhold som gjer at natur ikkje kan byggjast ned. Då treng vi å utvikle nye mekanismar som beskyttar sårbar og viktig natur. Vi treng verktøy så vi sikrar både nødvendig fleksibilitet for kommunane og at vi tek vare på det mest verdifulle og tek tilbake natur der det er rom for det. Vi ønskjer fleire barn i Noreg, og kommunane ønskjer å motverke folketalsnedgang. Dei som er så heldige å få folketalet oppover, har nokre utfordringar på kort sikt økonomisk, men likevel er det utfordringar det er relativt lett å leve med på lang sikt. Det svarar seg nemleg på lang sikt med folketalsvekst. Difor er det svært krevjande å ta ned tenester når ein attpåtil har betydeleg fråflytting. Difor meiner vi kommunane som slit med nedgang, treng pengane meir enn vekstkommunane. Eit veksttilskot oppmuntrar til ein viss grad til å løne vekst også på andre område, som nedbygging av matjord og natur, og det forsterkar konkurransen som uansett er mellom kommunar og innbyggjarar. MDG føreslår difor å greie ut å fjerne eller redusere veksttilskotet og vurdere om det bør overførast til kommunane eller til kommunar med størst utfordringar med fråflytting. MDG har ikkje vore med i innstillinga, så vi signaliserer enkelte av dei forslaga vi kjem til å støtte, som bl.a. å greie ut å differensiere eigedomsskatten på ordinære bustader og fritidsbustader. Vi kjem også til å støtte forslag nr. 11, om ikkje å gå vidare med å avvikle kompetansekrava i helsetenesta. Regjeringa har sjølvsagt rett til både å føreslå og drive med høyringar, det kan og skal ikkje Stortinget hindre, men vi sender tydeleg signal om at kompetanse er viktig i kommunane og må sikrast. Vi er opptekne av menneske som har fått innvilga asyl i Noreg. Dei ventar altfor lenge på å bli busette. Vi ser eit kappløp mot botnen mellom enkelte kommunar, nettopp for å unngå å busetje flyktningar. Mange har sagt dei ikkje kan busetje nokon som helst. Vi ønskjer difor å greie ut ein alternativ modell for busetjingsførespurnader, nettopp for å sikre rask busetjing av dei som har fått innvilga asyl, at det blir fullfinansiert av staten, og at det sjølvsagt må vere tilpassa lokale forhold. Vi meiner moglegheita kommunane har til å nekte busetjing, bør avgrensast. For MDG er det lange perspektivet viktigast. Vi meiner vi bør beskytte sårbar natur, ta vare på alle sårbare og sikre dei som kjem etter oss. Difor er det så avgjerande at kommunane har gode rammer og tek det store ansvaret dei har, for det er i kommunane alt skjer.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat