Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 16. jun 2026

SakInnstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Kommuneproposisjonen 2027 (Innst. 448 S (2025–2026), jf. Prop. 94 S (2025–2026))
Innlegget
Her ligg det mange premiss i spørsmålet som ikkje stemmer med verkelegheita. Blant anna er ikkje vi for å ha flest mogleg krav til bygging, og representanten gløymer også at betalingsevna er svært viktig for korleis bustader blir prisa. Vi i MDG er opptekne av å utvikle ein tredje bustadsektor, rett og slett for å konkurrere med dei altfor høge prisane vi har. Som sagt er dei i stor grad styrte av nettopp betalingsevna. Også vi er med på at det er mange krav ein kan redusere på, men vi er nok ikkje nødvendigvis einige med Framstegspartiet i kva for krav som bør reduserast. Trua på at berre ein reduserer krava, går prisane ned, er ei overforenkling. Vi meiner ein kombinasjon av sosial bustadbygging med tilgjengelege bustader til ein mye lågare pris enn det vi har i pressområda, i alle fall er eit av fleire viktige verkemiddel, men vi må absolutt også sjå på krava og kvar vi kan forenkle. Der er vi einige, om ikkje nødvendigvis i kva krav.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat