Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 16. jun 2026

SakInnstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Kommuneproposisjonen 2027 (Innst. 448 S (2025–2026), jf. Prop. 94 S (2025–2026))
Innlegget
Først og fremst opplever eg at vi har ein veldig god dialog – ein veldig fortruleg og god dialog heile vegen. Det tenkjer eg lager eit veldig godt grunnlag. Eg er veldig godt fornøgd med korleis regjeringa følgde opp verbalforslaget om klima til statsbudsjettet, ved å sjå på korleis vi kan utvikle anleggsplassar til å bli utsleppsfrie. Ein stor auke av utlånsramma til Husbanken har vore nemnd tidlegare, og ikkje minst er vel kollektivsatsinga, som har vore ei hovudsatsing for MDG, blant det heilt sentrale. Eg håpar også at dette kan leggje grunnlaget for at vi kan styre fleire byar saman i tida som kjem. Sjølv har eg tett dialog med helseministeren om fleire spørsmål. Eg er litt skuffa over at eg ikkje fekk på plass RS-virusvaksine, men eg er sikker på at vi i den dialogen vi har, skal få på plass det, for det er kjempeviktig for pasientane, for barna og for foreldra til dei nyfødde.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat