Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 16. jun 2026

Marius Langballe Dalin
Marius Langballe Dalin
Miljøpartiet De Grønne·Sogn og Fjordane

SakInnstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Kommuneproposisjonen 2027 (Innst. 448 S (2025–2026), jf. Prop. 94 S (2025–2026))

Innlegget

Eg er overtydd om at kommunane klarar å sjå sine eigne interesser på kort sikt. Det er det aldri nokon tvil om. Spørsmålet er om kommunane er best eigna til å forvalte dei overordna reglane som Stortinget ønskjer at kommunane skal ivareta, som ikkje tener kommunane direkte, men som tener storsamfunnet og framtidige generasjonar. Der blir vi fartsblinde. Det er vanskeleg å sjå det store verdensbildet av korleis natur er under konstant press overalt. Vi ser mykje natur som vi opplever som rørt i liten grad, men verkelegheita er at vi tapar meir og meir natur. Det legg grunnlaget for bl.a. pandemiar. Å byggje ned natur svekkjer grunnlaget for tenester som reint drikkevatn, osv. Kvart enkelt tiltak betyr ingenting, men summen av det er svært alvorleg. Difor er vi svært opptekne av at det er nokon som tek vare på interessene til storsamfunnet, verdssamfunnet og komande generasjonar. Vi er sikre på at kommunane godt ivaretek eigne interesser.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat