Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 16. jun 2026

Solveig Vestenfor
Solveig Vestenfor
Arbeiderpartiet·Buskerud

SakInnstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Kommuneproposisjonen 2027 (Innst. 448 S (2025–2026), jf. Prop. 94 S (2025–2026))

Innlegget

Ja, Kommune-Noreg er variert, og det gjeld både i utstrekning og folketal. Me veit godt at Høgre vil ha større kommunar – det er for så vidt kjent stoff. Men ein viktig del av kommunane sitt ansvar ligg til plan- og bygningslova – arealansvaret. Det finst mange døme på kommunar i landet vårt som er enormt store i geografisk utstrekning, og mange er langt større enn f.eks. Vestfold fylke. Korleis tenkjer Høgre at ein skal ta ansvar for og ta vare på arealforvaltninga her i landet, når oppgåva vert så omfattande viss kommunane skulle verta større?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat