Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 16. jun 2026

Solveig Vestenfor
Solveig Vestenfor
Arbeiderpartiet·Buskerud

SakInnstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Kommuneproposisjonen 2027 (Innst. 448 S (2025–2026), jf. Prop. 94 S (2025–2026))

Innlegget

I kommuneproposisjonen legg regjeringa fram viktige føringar for korleis me skal utvikla velferda i heile landet. Fleire av oss som sit i salen, har treft mange denne sesjonen som har delt bekymring og fortviling rundt ei særleg utfordring i vår tid – nemleg bustadsatsinga. Det er ei stor utfordring me står i, for stadig fleire opplever at det er vanskeleg å koma seg inn på bustadmarknaden. Prisane er høge, terskelen har vorte høgare, og dei som leiger, kjenner på utryggleik i ein leigemarknad som ikkje alltid fungerer godt nok. Dette råkar bl.a. unge folk, barnefamiliar og dei som står utsette til frå før. Byggebransjen opplever òg krevjande tider. Det må svara seg for entreprenøren å setja i gang med prosjekt, det må vera betalingsvilje, ein må ha tilstrekkeleg eigenkapital for å få lån, og tida frå plan til bygging tek for lang tid i mange saker – det kostar. Me kjem ingen veg med å få fart i bustadbygginga utan kommunane våre og byggebransjen. Ein aktiv bustadpolitikk handlar ikkje berre om lovvedtak her i salen eller om forskriftsendringar, motsegnspresiseringar eller andre grep regjeringa set i verk. Ein aktiv bustadpolitikk vert til og realisert i kommunane – ved hjelp av reguleringsplanar og ved tilgjengelege tomteareal, i byggjesaker, i samarbeid mellom privat og offentleg sektor – og på byggeplassar rundt om i landet. Bodskapen frå Arbeidarpartiet er tydeleg: Me ønskjer meir bygging, me ønskjer raskare prosessar, og me ønskjer fleire bustader som folk har råd til å kjøpa. Difor vert det jobba med mange grep parallelt. Dei fleste tiltaka har byggebransjen, KS og departementet jobba saman om å føreslå. I åra Arbeidarpartiet har styrt, saman med sine raud–grøne vener, har Husbanken vorte kraftig styrkt. Satsinga på Husbanken er ei bestilling til bransjen og til kommunane: Det må byggjast meir. Då må me òg frå nasjonalt hald gjera det me kan for at det faktisk lèt seg gjera. Til kommunane vil eg seia: De sit med nøkkelen. Me veit at mange prosjekt stoppar opp fordi planprosessar tek for lang tid, gjerne fordi kapasiteten er pressa. Difor jobbar me for å forenkla regelverk, korta ned tidsfristar og gjera prosessar, forskrifter og planverk meir føreseielege. Me digitaliserer plan- og byggjesaksprosessane, og me går gjennom motsegnsystemet for å få ned talet på motsegn som stoppar gode prosjekt. I arealpolitikken må det vera endå meir tydeleg kva som ligg i nasjonale føringar, kva betyr det når me seier «nasjonale og særleg regionale interesser», og – like viktig – kva er ikkje det. motsegnsprosjektet vil forhåpentlegvis gjera at me framover kan spara mykje tid og få meir lik praksis landet rundt. Men me treng òg at kommunane brukar handlingsrommet som allereie finst. Regelverket opnar i større grad enn før for å ta i bruk eksisterande bygg, for å gjera unntak der det er forsvarleg, og for å få fart på transformasjonen. Det finst mykje areal som allereie er nedbygd, og dette handlingsrommet må takast i bruk. Til byggebransjen vil eg seia: Me lyttar. De peikar på høge kostnader, komplisert regelverk og uvisse. Difor arbeider me no med å modernisera TEK17, gjera tilsyn og kontroll enklare og få betre kunnskap om kva som driv kostnadene. Me ønskjer òg eit tettare samarbeid med bransjen for å auka produktiviteten, for om me skal få ned prisane, må me byggja smartare. Samtidig må me halda fast på kvaliteten, for folk skal bu trygt og godt. Dette er krevjande og enormt viktig. Me står i ei tid der mange slit med å koma inn på bustadmarknaden. Meir enn ein million nordmenn bur i leigd bustad. Difor treng me fleire bustader både til å eige og til å leige. Gjennom nye grep i revidert nasjonalbudsjett legg me til rette for at kommunar kan kjøpa fleire burettslagsleilegheiter og bidra til trygge bumiljø for barnefamiliar. Samstundes ønskjer me å stimulera til at fleire prosjekt faktisk vert sette i gang. Dette handlar ikkje om at staten kan eller skal gjera alt. Dette må vera eit lagarbeid. Me legg til rette gjennom verkemiddel, regelverk og finansiering. Kommunane legg til rette gjennom planar og prioriteringar, og bransjen byggjer. Når me dreg i same retning, får me resultat. Det såg me i 2025 då det vart bygd fleire studentbustader enn på mange år. No må me vidare. Fram mot og i 2027 må me få opp tempoet. Me må byggja fleire bustader, og me må sørgja for at dei bustadene som vert bygde, er noko folk faktisk har råd til å kjøpa. Det er oppgåva vår – i fellesskap.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat