Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 16. jun 2026

Solveig Vestenfor
Solveig Vestenfor
Arbeiderpartiet·Buskerud

SakInnstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Kommuneproposisjonen 2027 (Innst. 448 S (2025–2026), jf. Prop. 94 S (2025–2026))

Innlegget

Det er interessant å følgja denne debatten. Det er mykje fokus på at dette samfunnet og kommunane i Noreg ikkje fungerer, det er ei misere som vert presentert, og det er ganske trist å høyra. Dessutan vert det framstilt, eller formulert, ting her frå talarstolen som heller ikkje er riktig. Kompetansekrava innan helse og omsorg, lærarnorm – alt dette skal ut på høyring, rett og slett for å få meir fakta på bordet. Byggenæringa har ikkje fått nokon nye krav etter at Arbeidarpartiet og Senterpartiet gjekk i regjering frå 2021. Ryddesjauen, som vart omtalt av representanten Borgli, er allereie i gang. Mange av forslaga er altså til behandling, men det er faktisk slik at nokre gonger kan hastverk vera lastverk. Det må gjerast skikkeleg. Til Senterpartiet: Kompetanse, kvalifikasjonar og ressursar, dei må parast, det er eg eining i – og det vert gjort, som også Fasteraune la fram i stad. I distrikta er interkommunalt samarbeid ofte et veldig godt svar, og det kan styrkja generalistkommunane, som både Senterpartiet og Arbeidarpartiet er for. Det er mange i dag som har vore opptekne av beredskap, og fleire av oss har bakgrunn frå kommunepolitikk og fylkeskommunepolitikk. Det er klart at sårbarheit, kompetanse og planverk er ei utfordring i vår tid, men det er også krevjande for heile landet. Eigenberedskapen har det ikkje vorte snakka om, og det er kanskje noko av det som dei aller fleste må ta med. Interkommunalt samarbeid er ofte svaret på det som går på beredskapsutfordringar. Så til FrP: Dei snakkar veldig varmt om lokalt sjølvstyre, men dei er heller ikkje konsekvente. Kva meiner eigentleg FrP vil vera svaret når KS, på vegner av kommunane, ønskjer at fylkeskommunane skal fortsetja, at kommunane skal ha eigedomsskatt, der dei treng og vil det, og at kommunane skal fortsetja å ha styring med eldreomsorga? Kommunane leverer svært godt – på velferdstenester, på livskvalitet, på vatn og avløp, på byggforvaltning, på natur, kultur og fritidsstilbod, på integrering – og Kommune-Noreg er gode, og debatten er prega av ei misere som ikkje tener fortellinga om Noreg.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat