Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 17. jun 2026

SakInnstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om Riksrevisjonens undersøkelse av tjenester til barn og unge med psykiske plager og lidelser (Innst. 360 S (2025–2026), jf. Dokument 3:8 (2025–2026))
Innlegget
Først av alt vil eg takka Riksrevisjonen for ein veldig tydeleg rapport. Det finst lite som er meir smertefullt enn å stå ved sida av eit menneske du er glad i, og sjå at det slit utan å få den hjelpa det treng. Slik er kvardagen for altfor mange familiar og pårørande i Noreg i dag. Foreldre fortel at dei har kjempa i månadsvis – ja, i årevis – for å få ungen sin eller ungdomen sin inn til behandling. Dei møter ventelister, avslag og eit system som ikkje heng saman. Eg får meldingar frå ungdomar og vaksne som seier at dei blir sende fram og tilbake mellom fastlege, skule og hjelpeapparat, utan at nokon tek ansvar. Dei blir svingdørspasientar i eit system som eigentleg skulle fanga dei opp. Eg høyrer om dei som får beskjed om at dei ikkje er sjuke nok, før dei til slutt blir så sjuke at dei må leggjast inn. Og så blir dei skrivne ut igjen, så fort dei viser ei lita antyding til forbetring. Riksrevisjonen slår fast det mange har kjent på lenge: Barn og unge får ikkje den hjelpa dei treng. Det kanskje mest alvorlege er at kvar ein bur, avgjer kva hjelp ein får. Slik skal det jo ikkje vera. Mange kommunar manglar heilt grunnleggjande tilbod. I staden blir ansvaret lagt på helsesjukepleiarar som ikkje har nok kapasitet og ofte ikkje rett kompetanse. Konsekvensane er alvorlege. Barn og unge tapar verdifull tid. Problema blir større mens dei ventar. Fleire fell ut av skule eller jobb og opplever utanforskap. Det er ikkje berre barn, det er faktisk òg unge vaksne og vaksne. Dette er ikkje enkeltståande tilfelle, det er ei systemsvikt. Framstegspartiet har alltid sagt: Når behovet aukar, må kapasiteten auka. Me må få ned ventetidene raskt. Ja, det er ventetid, elles er det nokon som har rekna veldig feil. Me må ta i bruk alle gode krefter, òg private og ideelle, for å få fleire til behandling. Me må sikra reell valfridom, slik at pasientar kan velja behandlingsstad der det er kapasitet. Fritt behandlingsval må tilbake. Me må òg styrkja kommunane, slik at hjelpa kjem tidleg, før problema får veksa seg store. Ein skal ikkje bli sjukare av å venta på hjelp. Foreldre bryr seg ikkje om kven som gjev hjelpa, dei bryr seg om ho finst når dei treng ho. Dette handlar ikkje om mangel på kunnskap, det handlar om mangel på handling. Arbeidarpartiet har hatt ansvaret dei siste åra, og resultatet ser me no. Barn og unge som slit psykisk, har ikkje tid til fleire planar, rapportar og bortforklaringar. Dei treng hjelp no.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat