Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 17. jun 2026

Geir Inge Lien
Geir Inge Lien
Senterpartiet·Møre og Romsdal

SakInnstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Remi Sølvberg, Sofie Marhaug og Geir Jørgensen om å sikre rullestolbrukere likeverdig tilgang til luftfart (Innst. 460 S (2025–2026), jf. Dokument 8:288 S (2025–2026))

Innlegget

Vi i denne salen er reisevante. Vi ser på klokka nærme seg, vi finn neste flytog, vi passerer sikkerheitskontrollen med boardingkortet på mobilen, og vi er på flyet kort tid etter at vi har forlate Stortinget. Slik er det ikkje for alle. For nokon er ikkje spørsmålet når flyet går, men om dei i det heile får lov til å vere med. I store delar av landet er ikkje fly eit alternativ, det er ein føresetnad – ein føresetnad for å kunne delta i arbeid, utdanning og samfunnsliv. Konsekvensane er at ikkje alle har same reelle moglegheit til å bevege seg fritt. Det er godt dokumentert at reisande som er avhengige av rullestol, i dag opplever å verte avvist eller møtt med avgrensingar som er krevjande å føresjå på førehand. I Noreg er det spesielt alvorleg der tilgang til flyreiser i praksis avgjer om ein kan delta på lik linje med andre. Samtidig må vi vere tydelege på kva slags regelverk som allereie gjeld. Menneske med behov for rullestol har ein rett til å reise med fly, og dei kan berre avvisast dersom det ligg føre konkrete fysiske eller sikkerheitsmessige avgrensingar. Utfordringane ligg først og fremst i korleis regelverket fungerer i praksis. Når vi ser dette, vert det òg tydeleg kva som er vår oppgåve. Vi må sørgje for at rettar som finst, òg vert opplevde som reelle for den enkelte reisande. Erfaringane i denne saka viser at utfordringane ofte oppstår i møtet mellom regelverk, praktisering og konkrete situasjonar. Det er i dette rommet, mellom det som er tillate og det som er nødvendig av omsyn til sikkerheit, at det er mogleg å leggje til rette når mange av problema oppstår. For Senterpartiet er det viktig at vi rettar innsatsen dit utfordringane faktisk ligg. Når rettane i stor grad allereie er fastsette, må vi prioritere betre kunnskap om korleis det praktiserast, og om moglegheitene for forbetringar. Då kan det gjerast målretta forbetringar. Det er bakgrunnen for at Senterpartiet støttar forslaget om å be regjeringa, i samarbeid med relevante aktørar og organisasjonar, gjennomgå kva slags forhold som i dag hindrar personar med funksjonsnedsetting i å reise med fly. Ein slik gjennomgang kan gje eit betre bilete av korleis utfordringane faktisk oppstår, og kva tiltak vi skal ha reell effekt av. Difor er vi òg glade for at Raudt har fremja denne saka, og vi støttar det første av dei lause forslaga, forslag nr. 4.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat