Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 17. jun 2026

SakInnstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Kirsti Bergstø, Lars Haltbrekken, Anne Lise Gjerstad Fredlund, Marthe Hammer og Mirell Høyer-Berntsen om kontroll av drivstoffkjedene og deres prissetting (Innst. 446 S (2025–2026), jf. Dokument 8:274 S (2025–2026))
Innlegget
Det er ingen tvil om at avgiftskuttet på drivstoff har hatt effekt for folk og næringsliv, og det er nok rett at motivasjonen bak forslaget til SV er ei slags historie om at dette ikkje har kome næringsliv og folk til gode. Det er ei feil historie. Spørsmålet me likevel må stilla oss, er: Har avgiftskutta kome folk og næringsliv nok til gode? Korleis vert denne prisdanninga i drivstoffmarknaden? Korleis reagerte ein på det konkrete avgiftskuttet som vart? Det er dette det handlar om for Senterpartiet i forslag nr. 1, som me er med på – nemleg å få kunnskap. Me ser at det er ein litt hard tekst i forslaget, at me skal «foreta en gransking». Gransking føreset at ein meiner å ha haldepunkt for at einkvan har gjort noko gale. Det har me jo ikkje. Så me ønskjer å endra forslaget til: «Stortinget ber regjeringen undersøke prisdannelsen i drivstoffmarkedet, herunder hvordan drivstoffnæringen håndterte avgiftskuttet våren 2026.» Då håpar me òg at fleire kan slutta seg til forslaget. Det handlar om å få kunnskap, det handlar om å læra av det, og så vil det, om forslaget skulle få fleirtal, vera naturleg at statsråden kjem tilbake til Stortinget med den kunnskapen og informasjonen som ein har fått, når ein har følgt opp vedtaket. Me ønskjer altså å endra forslag nr. 1. Elles er eg einig i – om det var det som vart sagt – at det å kutta avgifter er god sosialdemokratisk politikk. Det er det sannsynlegvis, og når sosialdemokratiet ikkje reagerer, er det andre parti som reagerer, for det var heilt nødvendig å gje ei handsrekking til næringslivet og bilistane når prisane galopperte. Eg tek opp forslaget.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat