Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 17. jun 2026

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakInnstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Kirsti Bergstø, Lars Haltbrekken, Anne Lise Gjerstad Fredlund, Marthe Hammer og Mirell Høyer-Berntsen om kontroll av drivstoffkjedene og deres prissetting (Innst. 446 S (2025–2026), jf. Dokument 8:274 S (2025–2026))

Innlegget

Senterpartiet og eg er einige med statsråden i at ein velfungerande konkurranse mellom drivstoffkjedene er viktig, og at det er hovudgrepet for det som må til for å få dei rette drivstoffprisane, gjeve det avgiftsnivået ein til kvar tid har. Me vil ikkje støtta noko forslag om maksimalt påslag eller annan type regulering. Statsråden nemnde at ho hadde dialog med Konkurranstilsynet om dette, og då har eg eit spørsmål. Kan statsråden utdjupa litt meir om det som gjeld situasjonen rundt det plutselege avgiftskuttet og det som skjedde der? Har statsråden, departementet eller regjeringa kunnskap om det som skjedde då avgiftene plutseleg vart kutta, og om korleis aktørane opptredde?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat