Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 17. jun 2026

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakInnstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Kirsti Bergstø, Lars Haltbrekken, Anne Lise Gjerstad Fredlund, Marthe Hammer og Mirell Høyer-Berntsen om kontroll av drivstoffkjedene og deres prissetting (Innst. 446 S (2025–2026), jf. Dokument 8:274 S (2025–2026))

Innlegget

Senterpartiet meinte det var heilt nødvendig då drivstoffprisane var så høge, å gjera eit avgiftskutt. På fredag behandlar me revidert budsjett. Der ligg det inne ei finansiering av dette, så det er vel sånn at fram til fredag er Arbeiderpartiet imot avgiftskuttet, og etter fredag er ein for så vidt litt for det. Me har no lagt bak oss nokre månadar med avgiftskutt. Næringsministeren er statsråd for byggjenæringa, anleggsnæringa og transportnæringa. Har det vore «feil» at dei har opplevd å ha ein to–tre kroner lågare drivstoffpris enn dei elles skulle hatt? Eller for å spørja på ein annan måte: Har næringsministeren hatt eit ønske om at drivstoffprisane for anleggsnæringa og transportnæringa skulle ha vore høgare dei siste månadane enn det dei har vore?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat