Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 17. jun 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakInnstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om Riksrevisjonens undersøkelse av tjenester til barn og unge med psykiske plager og lidelser (Innst. 360 S (2025–2026), jf. Dokument 3:8 (2025–2026))

Innlegget

Riksrevisjonen kjem med nok ein alvorleg rapport om manglande helsehjelp til barn med psykiske plagar og lidingar. Rapporten viser at vi trass i ei rekkje tiltak på området, bl.a. opptrappingsplanen for den psykiske helsa til barn og unge frå 2019 til 2024, og opptrappingsplanen for psykisk helse frå 2023 til 2033, ikkje har klart å få til den opptrappinga som er nødvendig for at barn og unge får den psykiske helsehjelpa dei har behov for. Senterpartiet er einig med Riksrevisjonen i at dette er kritikkverdig. Svakheiter i dei psykiske helsetenestene kan ha store konsekvensar, og difor er dette ein dyster rapport. Talet på unge med psykiske plagar og lidingar har auka dei siste åra. Mange kommunar har framleis ikkje eit utbygt hjelpeapparat for desse barna. Spesialisthelsetenester tar imot fleire, men avviser ein av fem tilvisingar. Manglande støtte, oppfølging og behandling kan få store konsekvensar for barna og livet deira. Eg vil særleg ta opp to av tilrådingane frå Riksrevisjonen. Det eine er å be dei regionale helseføretaka sørgja for at regionane har tilstrekkeleg kapasitet til å gi god behandling til barn og unge som har behov for spesialiserte psykiske helsetenester, og det andre er å tydeleggjera kva rolle helsesjukepleiarane skal ha i arbeidet med psykiske plagar og lidingar hos barn og unge. Til det første må sjukehusa ha nok kapasitet for barn og unge med behov for psykisk helsehjelp. Det er dessverre framleis eit aktuelt tema. Det er slik at nokre barn og unge er så sjuke at dei treng døgnbehandling på sjukehus, og trass i at Stortinget har vedtatt at døgnkapasiteten skal aukast, står det i rapporten her at talet på døgnplassar for barn og unge blei redusert frå 316 til 311 frå 2019 til 2025. Eg er òg bekymra for realismen i å be helseføretaka om å sikra nok kapasitet i den situasjonen som mange helseføretak no står i. Da er vi òg inne på den finansieringsmodellen vi har for norske sjukehus og for å byggja nye sjukehus, der helseføretaka må låna pengar til å byggja nytt og spara i drift for å få nok eigenkapital, og at dei betaler lån og avdrag tilbake til staten. Difor ser vi òg at helseføretak legg ned distriktspsykiatriske senter, og dei må kutta i bemanning. Her ved Oslo universitetssykehus må dei kutta opp mot 20 mill. kr i den regionale eininga for eteforstyrringar for barn og unge, for at dei skal ha råd til å byggja nytt Oslo universitetssykehus. Denne finansieringsmodellen går ut over dei svakaste pasientgruppene, òg innan psykisk helse. Eg meiner òg det er urovekkjande at trass i at Stortinget har vedtatt at det skal fremjast ein plan for utvikling av distriktspsykiatriske senter i heile Noreg og hindra nedbygging av sånne tilbod, er det akkurat det vi no ser skje fleire plassar, f.eks. i Helse Midt-Noreg, som no vurderer å leggja ned døgnplassar ved dei distriktspsykiatriske sentera i Kristiansund og Molde. Helsesjukepleiarane sit med eit altfor stort ansvar for barn og unge med psykiske plagar og lidingar. Det viser denne rapporten. Dette er ein systemfeil, og det er etter mi vurdering gale når òg statsråden i sitt svar til Riksrevisjonen opnar for at helsesjukepleiarar skal få behandling som oppgåve. Helsesjukepleiarane skal arbeida førebyggjande og helsefremjande. Det har vore tydeleg i mandatet deira, og eg trudde vi var einige om det òg frå Stortingets side. Eg forventar at statsråden i sitt innlegg oppklarer dei motstridande signala frå departementet i denne saka, og om det verkeleg er slik at dei meiner at helsesjukepleiarar no skal få behandlingsansvar for barn med psykiske plagar og lidingar. Stortinget vedtok i vår å be regjeringa leggja fram ein oppdatert og forsterka opptrappingsplan for psykisk helse, og det er heilt nødvendig. Eg merkar meg òg at SINTEFs evaluering av opptrappingsplanen for psykisk helse, som kom i juni i år, seier at risikoen i opptrappingsplanen ligg i manglande klarleik og manglande kapasitet og finansiering. Eg forventar òg at regjeringa tar med seg dette i oppfølginga av denne riksrevisjonsrapporten, og at psykiske helsetilbod for barn og unge no blir prioriterte, slik at det faktisk òg blir opplevd som ei styrking ute i tenestene.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat