Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 17. jun 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakInnstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om Riksrevisjonens undersøkelse av tjenester til barn og unge med psykiske plager og lidelser (Innst. 360 S (2025–2026), jf. Dokument 3:8 (2025–2026))

Innlegget

No vert det jo ei anbefaling, som departementet skal følgja opp, om å tydeleggjera rollene til helsesjukepleiarane. Eg synest likevel det er oppsiktsvekkjande, det som står i innstillinga, at ein skal trekkja setninga som seier at helsesjukepleiarane ikkje har som oppgåve og ansvar å behandla barn og unge med psykiske plager og lidingar. Det er forskjell på å yta helsehjelp. Det kan jo vera å førebyggja, avdekkja og ha samtalar for å unngå at det vert behov for behandling. Behandling av psykiske plager og lidingar er noko anna enn det eg oppfatta helsesjukepleiarane sjølve eller Stortinget har sagt skal vera deira oppgåve, og det er eit ganske klart skilje. Eg synest framleis dette er uklart ut frå det statsråden svarer, så eg vil igjen spørja om behandling: Er det no helsesjukepleiarane si oppgåve?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat