Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 17. jun 2026

SakInnstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om Riksrevisjonen si undersøking av helsetenestenes samhandling om eldre (Innst. 447 S (2025–2026), jf. Dokument 3:10 (2025–2026))
Innlegget
Riksrevisjonen konkluderer i sin rapport med at sjukehusa kan bli overbelasta om dagens bruk av sjukehustenester held fram, og at pasientar i staden kunne ha vore behandla i kommunane. Eg og Senterpartiet er sjølvsagt heilt einige i at all helsehjelp skal ytast på lågast mogleg nivå, både fordi det er best for pasientane å reisa mindre og fordi ein ikkje treng eit meir spesialisert tilbod, og det nærmaste tilbodet må givast nærmast mogleg der pasienten bur. Det er òg noko av bakgrunnen for vårt engasjement for lokalsjukehusa som behandlar veldig mange eldre pasientar, lokalsjukehus med breiddekompetanse som har eit godt samarbeid ut mot kommunane som dei høyrer til. Eg har likevel ein generell kommentar til denne riksrevisjonsrapporten, for det ligg noko i han som kan vera urovekkjande. Eg ser at Riksrevisoren i ei pressemelding frå 5. mai seier: «Kommunene bør selv kunne håndtere en større del av helsetjenestene de eldre trenger. Det kan frigjøre kapasitet i sykehusene som kan bli brukt på å gi pasienter med større behov raskere behandling.» Mi vurdering er at ein i denne rapporten kanskje ikkje ser dette heilskapleg, og eg spør: Står vi i fare for å laga ein praksis og ei forståing for at eldre pasientar ikkje skal leggjast inn på sjukehus, berre fordi dei er eldre? Det strir jo mot alle prioriteringsreglar vi har i helsevesenet om at alder ikkje er ein sjølvstendig faktor, men at ein skal få helseteneste etter behov. I ei tid da fleire blir eldre, er det mange som òg blir friske eldre. Det er mange aktive, friske 80-åringar som har eit heilt reelt behov for sjukehusbehandling, og som sjølvsagt må få det når dei har eit behov for det. Med samhandlingsreforma blei det ein endra praksis. Det blei mange fleire som blei definerte som utskrivingsklare pasientar; det blei auka frå 24 000 pasientar i 2010 til 87 000 i 2018. Sanninga er at norske kommunar i løpet av dei siste åra har tatt imot mange fleire ganske dårlege og skrøpelege eldre pasientar, fordi norske sjukehus har effektivisert. Liggetida har gått ned – ho har gått ned med eit heilt døgn frå 2018 til 2022 – og ingen må fortelja meg at dette ikkje handlar om tilbodet til dei sjukaste eldre. Eg vil òg visa til eit innlegg som leiaren i Overlegeforeningen og leiaren i Allmennlegeforeningen hadde i Dagens Medisin den 15. mai, da dei skreiv at eldre pasientar ikkje er «et problem sykehusene må skjermes mot. Mange har stor nytte av moderne behandling, og skal selvsagt ha tilgang til den». Vidare skreiv dei at vi lever lenger og friskare enn før, og at «den virkelige kapasitetsutfordringen ligger i kommunene». Eg kunne ha ønskt at ein hadde eit anna fokus i denne saka. I staden for å beskriva det som eit problem at eldre pasientar blir lagde inn på norske sjukehus, må vi sjå på korleis vi kan få til at alle pasientar, både unge og gamle, får mest mogleg behandling og gode tenester i kommunane. Vidare skal retten til ei spesialisert sjukehusbehandling vera universell, uavhengig av alder. Vi må òg sjå på den utskrivingspraksisen som norske sjukehus har. Eg trur at for ein del pasientar, kanskje òg eldre pasientar, vil eitt døgn til på sjukehus vera det som kan hindra hyppig reinnlegging, og at ein unngår at dei blir kasteballar i eit system der omsynet til økonomi og effektivitet ofte synest å trumfa det er god og forsvarleg pasientbehandling.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat