Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 17. jun 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakInnstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om Riksrevisjonen si undersøking av helsetenestenes samhandling om eldre (Innst. 447 S (2025–2026), jf. Dokument 3:10 (2025–2026))

Innlegget

Spørsmålet er jo om det er ei kapasitetsutfordring, eller om det er ei organisatorisk endring vi må gjera for å løysa utfordringane som riksrevisjonsrapporten tar opp. Fleire har sett LIS-serien på NRK, der ein får innblikk i fleire episodar der ein er nøydd til å skriva ut pasientar sjølv om det er ganske vanskeleg å forstå at det er forsvarleg, men på grunn av kapasitetsutfordringar og manglande tilgang på sengeplassar er ein nøydd til å gjera slike ting. Det er nok realiteten på mange sjukehus i dag. Spørsmålet mitt går på dagens praksis for å definera utskrivingsklare pasientar. Før snakka ein om ferdigbehandla pasientar, men no er det utskrivingsklare pasientar. Ser statsråden at ein òg bør gå igjennom sjukehusa sin praksis for å definera utskrivingsklare pasientar?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat