Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 17. jun 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakInnstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om Riksrevisjonen si undersøking av helsetenestenes samhandling om eldre (Innst. 447 S (2025–2026), jf. Dokument 3:10 (2025–2026))

Innlegget

Eg òg skal heia på alle gode prosjekt, og eg heiar på eit veldig godt prosjekt, samhandlingsreforma frå 2012. No ser vi at det er veldig mange gode idear. Når dei møter verkelegheita ute i tenestene, handlar veldig mykje òg om kapasitet og korleis vi klarer å prioritera, f.eks. i kommunehelsetenesta. Rapporten tar òg opp at i vertskommunane – for dei som bur i ein vertskommune – vert fleire innlagde, og ein får fleire polikliniske tenester. Vi må stilla spørsmålet om det kanskje er det som er det riktige nivået, og at dei som har lengre avstand til sjukehus, ikkje får den helsehjelpa som dei eigentleg har behov for. Spørsmålet mitt er: No viser statsråden til at det skal koma nye reformer. Er det slik at statsråden trur at ei ny reform faktisk vil løysa desse samhandlingsutfordringane?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat