Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 17. jun 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakInnstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om Riksrevisjonen si undersøking av helsetenestenes samhandling om eldre (Innst. 447 S (2025–2026), jf. Dokument 3:10 (2025–2026))

Innlegget

Det er ikkje slik at eg er positiv til samhandlingsreforma. Eg var positiv. Dette var ei reform som Arbeidarpartiet fremja i et valår, og som var det svaret ein hadde på samhandlingsutfordringane i datida. Eg meiner samhandlingsreforma har ført til at sjukehusa har effektivisert på kostnad av kommunane, og ho har dessverre ført til meir samhandlingsutfordringar og fleire reinnleggingar. Det har faktisk gått ut over dei pasientane som samhandlingsreforma faktisk var til for. Eg vil berre gjera det heilt klart. Spørsmålet mitt gjeld: Når ein som statsråd heile tida viser til ein ny reform, kan det kanskje verka mindre tillitvekkjande når utgangspunktet er at det kanskje er kapasitetsutfordringar her og no som gjer at kommunane har vanskar med å ta imot utskrivingsklare pasientar – som har vorte skrøpelegare – på grunn av effektiviseringskrava i sjukehus.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat