Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 18. jun 2026

SakInnstilling fra arbeids- og sosialkomiteen om Regulering av pensjonar i 2026 og inntektstilhøve for pensjonistar (Innst. 451 S (2025–2026), jf. Meld. St. 10 (2025–2026))
Innlegget
Eg var nøydd til å hiva meg inn i denne debatten, for dette er eit tema som har stått Framstegspartiet veldig nært så lenge eg har vore med i partiet. Over 119 000 minstepensjonistar lever i Noreg i dag. Det er om lag kvar tiande pensjonist, og av dei som bur åleine, lever rundt 70 pst. under fattigdomsgrensa. Det er regjeringa sine eigne tal. Ein einsleg minstepensjonist har i dag rundt 290 000 kr i året før skatt å leva av. Etter skatt er det sjølvsagt endå mindre, og regjeringa slår sjølv fast at dette nivået ligg under fattigdomsgrensa. Det betyr i praksis éin ting: Folk får ikkje økonomien til å gå rundt. Dette er ikkje eit spørsmål om små justeringar, det er eit systemproblem. Når ein veit at nivået ligg under fattigdomsgrensa og ein likevel held fram som før, er det faktisk eit politisk val. Straumen skal betalast, maten kostar meir, avgiftene aukar, men inntekta heng ikkje med. Alt anna aukar. I Vestfold er det over 5 600 minstepensjonistar, og rundt kvar tiande pensjonist lever på det lågaste nivået me har. Det betyr at dette ikkje er eit problem som rammar nokre få. Det betyr at det i eit heilt vanleg nabolag i ein heilt vanleg kommune alltid sit nokon som lever på minstepensjon – i ei bustadblokk, i eit burettslag, i ein nedbetalt einebustad, i ei gate finst det menneske som må rekna på kvar einaste krone. Dette er ikkje enkeltpersonar som fell utanfor. Dette er eit mønster som går igjen i heile Vestfold, ja, i heile landet. Det gjeld folk som har gjort det dei skulle. Dei har jobba, betalt skatt og bidrege gjennom heile livet. Dei har vore med og bygd lokalsamfunna våre. Så kjem dei i ein viss alder – og det gjeld jo ikkje berre alle dei andre, det gjeld forhåpentlegvis meg sjølv òg – der ein faktisk ikkje lenger strekk til. Det som gjer dette alvorleg, er at me veit det. Meldinga viser det tydeleg. Pensjonane har hatt svakare utvikling enn løningane over tid. Pensjonistane fell bak – litt kvart år. Dei som har minst, blir ramma hardast. Likevel held ein fram som før. Ein snakkar om regulering av prosent, men dette handlar ikkje om prosent, det handlar om nivået. Det handlar om at det faktisk ikkje er nok pengar. Framstegspartiet meiner dette er feil. Me meiner at det skal gå an å leva av ein pensjon. Me meiner at pensjonane må følgja lønsutviklinga fullt ut, me meiner at minstepensjonen må opp over fattigdomsgrensa, og me meiner at folk må få behalda meir av sine eigne pengar gjennom lågare skattar og avgifter. Me veit korleis dette ser ut. Då held det ikkje med å forklara det. Då må me gjera noko meir med det. Dei som no sit og ventar på å få litt meir, er ikkje kravstore, dei ønskjer berre litt tryggleik og å veta at pengane strekkjer til.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat