Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 18. jun 2026

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakInnstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om Riksrevisjonens undersøkelse av ressursbruk og effektivitet i Politiets sikkerhetstjeneste (PST) (Innst. 445 S (2025–2026), jf. Dokument 3:6 (2025–2026))

Innlegget

Senterpartiet sluttar seg til funn, konklusjonar og anbefalingar i rapporten. Eit velfungerande PST er viktig for vår nasjonale tryggleik, men det er ikkje det einaste tiltaket som skal ivareta vår sikkerheit. Senterpartiet er med på dei forslaga i innstillinga som peikar framover, og som peikar på forbetringar. Me er opptekne av å bruka ein sånn rapport til å læra. Eg har òg lyst til å seia at budsjettprioriteringar mellom ulike føremål og kva verkemiddel PST skal ha tilgang til, er midt i kjernen av den politiske debatten og den politiske oppgåva. Så til kritikken: Komitéleiaren beklagar at det ikkje er ein samla komité. Det trur eg har si enkle årsak. Det var eit sjølvstendig mål å fremja kritikk. Mehl skulle takast. Sanninga er at Mehl overtok eit Justisdepartement i 2021 etter ein periode med svært lite kontinuitet. Justisministrar av ulik karakter hadde kome og gått – eg skal ikkje seia dagleg, men det var åtte ulike justisministrar i løpet av åtte ulike år. Det er ingen tvil om at det ikkje skapar stabilitet, føreseielegheit og tryggleik. Det har òg kome fram i denne prosessen at PST er på ein betre plass i dag enn dei var i 2019. Mehl skal ha ein betydeleg del av æra for det, for ho greip fatt i ting. Det har kome fram både gjennom høyringa og i rapporten. Det er litt underleg når det vert framstilt som at Mehl nærast ikkje veit opp og ned på PST. Sanninga er at budsjettet auka med Mehl, PST fekk nye verkemiddel, og dette er òg verkemiddel som har hatt effekt etter at ho gjekk av som statsråd. Det er verdt å merka seg at det er eit svært stort mindretal som ikkje støttar forslaga om kritikk, verken mot Mehl, mot regjeringa Støre eller mot tidlegare justisminister Mæland. Så til dei konkrete forslaga til vedtak i innstillinga, der forslag IV er retta mot Mehl. Eg meiner at desse forslaga for så vidt kan stå seg kvar for seg og argumenterast for viss ein meiner dei, men i samanheng er forslaga IV og V inkonsekvente, ulogiske og tilnærma umoglege å kunna forstå. Forslag IV er retta mot Mehl. Kva har Mehl gjort? Ho var kjend med situasjonen i PST, ho gjorde ei vurdering av situasjonen i PST, og det har ikkje kome fram informasjon om at ho ikkje har meldt dette vidare til regjeringa, gjennom både ønske om verkemiddel og budsjettbehov. Det kan ein på ein måte ta stilling til, men ein har òg vald å fremja kritikk mot regjeringa for ikkje å ha løyva nok. Her må ein bestemma seg, for viss ein statsråd har gjort si plikt og informert regjeringa, har den statsråden gjort si plikt. Det kan ikkje vera sånn at kontrollkomiteen skal driva etterkontroll av gjennomslag på budsjettkonferansen. Anten ligg dette ansvaret på statsråden eller så ligg det på regjeringa – ein må greia å bestemma seg. Eg skal ikkje gå inn på kva som er rett, for me er som sagt ikkje med på nokon av forslaga til vedtak, men det er interessant når me veit at budsjettet under Mehl auka med 45 pst: Kor går grensa for å sleppa kritikk – 55 pst. auke, 65 pst. auke, 85 pst. auke? Eg er usikker på det. Berre for å visa kor tydeleg spel ein driv, har altså eit parti i komiteen greidd å fremja sterk kritikk mot ein person som i perioden rapporten tek føre seg, var tingrettsdommar for ei anna statsmakt. Det er smått absurd. Astri Aas-Hansen får sterk kritikk frå KrF i ein periode ho var tingrettsdommar. Det minner om at dette er eit stort spel. Me har òg sett at parti har fronta sine standpunkt ute i media før komiteen har konkludert. Då kan ein på ein måte ikkje koma i etterkant og beklaga at det ikkje var mogleg å få til ein skikkeleg prosess. Senterpartiet er oppteke av å læra, men det politiske spelet som har utspelt seg no, er ikkje kontrollkomiteen og Stortinget verdig.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat