Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 18. jun 2026

SakInnstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om Riksrevisjonens undersøkelse av ressursbruk og effektivitet i Politiets sikkerhetstjeneste (PST) (Innst. 445 S (2025–2026), jf. Dokument 3:6 (2025–2026))
Innlegget
Talarlista i dag er litt som Slottsplassen under Solberg-regjeringa: alle desse FrP-arane som kom og gjekk. Eg held fast ved at kritikken i dei to vedtaka ein har, der ein både rettar sterk kritikk mot Mehl og mot regjeringa Støre, er ulogiske i samanheng og ikkje konsekvente. I debatten har det vore snakka om svak styring, det har vore snakka om tilgang til verkemiddel, men kritikken er jo retta mot ressursbehovet, altså knytt til løyvingane. Det er ingen tvil om at statsråd Mehl har gjort si plikt og informert vidare kva PST har meldt inn, men sjølvsagt òg gjort ei vurdering av det PST har meldt inn som behov. Det finst ingen etatar i Noreg som har blankofullmakt til å få dei løyvingane som dei sjølve finn for godt. Eg er glad for at me har både statsrådar som føretek prioriteringar, og at me har ei regjering som føretek prioriteringar. Apropos pengar: Eg skal gje litt ros til KrF og FrP, som i litt ulik grad har lagt inn pengar i revidert budsjett. Viss ein ser på Høgre sitt alternative budsjett etter at denne rapporten var vel kjent, har dei funne pengar til eit sykkelritt, men ikkje ei einaste krone til PST. Eg har òg sett på medieutspela frå MDG i forkant av revidertforhandlingane. Det var heller ikkje sånn at løyvingar til PST var ein hovudprioritet for MDG. Til sjuande og sist kokar dette ned til at me gjer ulike politiske prioriteringar. Men me er einig i at PST burde ha vore prioritert høgare, det burde kanskje ha vore gjeve fleire verkemiddel, og sånn sett stiller me oss bak kritikken som er. Når det gjeld forslaget frå Raud, kjem Senterpartiet ikkje til å støtta det. Når me har lese både den graderte og den ugraderte rapporten, ser me at begge to gjev nokolunde det same inntrykket: Det er fullt mogleg å gje informasjon til Stortinget utan at det skjer i form av ei høggradert vurdering som Stortinget kan byggja sine vurderingar på. Me meiner òg det er eit viktig prinsipp at dette ansvaret faktisk ligg til regjeringa, og at Stortinget ikkje skal ta over etatsstyringa av PST. Men me deler intensjonen om å få god informasjon, og det ligg òg i vedtak I i tilrådinga. Til slutt, for ordens skuld, til representanten Simen Velle, som hadde ei oppramsing av ulike statsrådar som visste: Senterpartiet har ikkje sidan 2013 sete i den same regjeringa som Jens Stoltenberg.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat