Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Geir Pollestad (Sp) [12:54:15] (ordførar for saka): Verda er vorten meir uroleg. Det begynner å gå opp for stadig fleire at me må vera førebudde på krise eller krig. Matberedskapen i Noreg er for dårleg. Det må me ta på største alvor. Eit robust landbruk i heile Noreg som brukar ressursane for å produsera mest mogleg av den maten norske forbrukarar etterspør, er den beste matberedskapen. Komiteen har hatt ei rask og effektiv behandling av årets jordbruksavtale. Eg vil takka komiteen for samarbeidet og organisasjonane som deltok på høyringa. Utgangspunktet for behandlinga var godt. Både Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag har signert årets jordbruksavtale. Fleirtalet i komiteen, alle unnateke FrP og Høgre, støttar opp om forhandlingsretten til bøndene og vil stemma for årets jordbruksavtale. Årets jordbruksavtale er historisk. Det er ein milepæl for den snuoperasjonen som har vore i jordbrukspolitikken sidan 2021, og som vil tetta inntektsgapet mellom bønder og andre grupper. Leiaren i Norges Bondelag, Bjørn Gimming, viste på årsmøtet deira at for perioden 2025–2027 har nytt talgrunnlag og inntektsmål gjeve ein vekst i jordbruksoppgjera på 7,8 mrd. kr, mot 700 mill. kr med gamal modell. Det viser viktigheita av dei grepa som er gjorde dei seinare åra. Jordbruket er ei politisk næring, og den politiske avstanden er stor. Eg går ut frå at dei andre partia vil gjera greie for sine standpunkt i debatten, og eg går difor over til å snakka om Senterpartiets syn. Det er to ting som kan trua den norske matproduksjonen på kort sikt. Det eine er EU-medlemskap. Det andre er Høgre og FrP. Det er interessant å sjå at Høgre i denne innstillinga tek eit markant steg i retning av FrPs landbrukspolitikk – jordbruksoppgjeret skal vekk, tollvernet skal svekkjast, og marknadsreguleringa skal angripast. For Senterpartiet er det oppsiktsvekkjande at Høgre og FrP tek så lett på matberedskapen i Noreg, for det er ingen tvil om at konsekvensen av deira politikk vil vera auka import av mat og dårlegare sjølvforsyning. Noreg er eit land der ressursane ligg spreidde, der klimaet er kjølig og vekstsesongen kort. Kostnadsnivået er høgt. Jordbruksavtalen, tollvernet og marknadsreguleringa skal vega opp for dette. Senterpartiet vil kjempa for å styrkja dette. Høgre og FrP vil riva det ned. Eg skal innrømma at det ikkje har vore utan kostnad for Senterpartiet å få på plass eit nytt inntektsmål og eit nytt talgrunnlag. Jordbruksoppgjeret i vår viser kor viktig det var å få det på plass. No seier Stortinget i klartekst at dette òg skal gjelda framover. Senterpartiet er glad for å ha rydda opp i spørsmåla om den såkalla samordninga ved fødsel og svangerskap. Det er òg ein milepæl i oppgjeret i vår. I tillegg har KrF og Senterpartiet lagt fram eit forslag som peikar på behovet for å styrkja tilgangen på økomjølk. Eg vil oppfordra andre parti til å støtta det. I Noreg er det mange som driv besøksgardar, og som f.eks. har påfugl, fasan eller emu. Desse vert no ramma av ein utilsikta konsekvens av viltressursloven. Det er Senterpartiet imot, for me meiner at viss ein skal ta standpunkt i denne saka, så skal regelverket utformast av politikarar og ikkje overivrige byråkratar som finn smotthòl med utilsikta verknader. Me har lagt fram eit forslag som skal bøta på dette. Det skjer veldig mykje bra i norsk landbruk. Denne avtalen bidreg til å forsterka den positive utviklinga, og ein får òg stor hjelp med innretninga på årets jordbruksoppgjer. Eg ser fram til debatten. Med det tek eg opp dei forslaga som Senterpartiet er med på.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
