Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 18. jun 2026

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakMøte torsdag den 18. juni 2026 kl. 10

Innlegget

Sjølv om ressursane i framtida vert knappare, trur eg den sikkerheitspolitiske situasjonen veldig tydeleg tilseier at beredskapen kan me ikkje kutta i, og mat er ein heilt sentral del av beredskapen. Det har vore nødvendig å auka inntektene i jordbruket for å sikra rekrutteringa og for å sikra optimisme og investeringslyst i jordbruket, og det gjer me som ein del av vår beredskap. Difor er Senterpartiet villig til å bruka pengar på det. For å ta eit anna konkret eksempel, som me har fått mykje kritikk for både frå FrP og Høgre: Då me sat i regjering, auka me tollvernet for potetar. Kva konsekvensar har det gjeve? FrP og Høgre sa at potetprisane kunne verta 100 kr pr. kg. Det skjedde jo ikkje. Men det som har skjedd, er at arealet for potetproduksjon i Noreg har gått opp, sjølvforsyninga i Noreg har gått opp – eg trur det er med 3,3 pst. arealet har auka. Det kan auka vidare. Det er måten Senterpartiet jobbar med mat og beredskap på.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat