Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 18. jun 2026

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakMøte torsdag den 18. juni 2026 kl. 10

Innlegget

Velferdsordningane våre er bygde opp gradvis sidan 2021. Det er veldig bra at ein får fjerna samordninga knytt til fødsel og graviditet. Det skal me følgja opp i statsbudsjettet når jordbruksoppgjeret skal gjennomførast. Så er me opptekne av å gjera dette stegvis. Det er jo ikkje sånn at det forslaget som SV er med på, vil løysa dette problemet. Mest sannsynleg vil regjeringa la vera å følgja det opp fram til statsbudsjettet, og all erfaring tilseier at når ein då skal til å forhandle og få dette inn – ja, då er plutseleg SV, Raudt og MDG meir opptekne av alle andre tema. Eg meiner at prioriteringane i statsbudsjettet skal me ta når me diskuterer statsbudsjettet. Det som skil Senterpartiet frå andre parti, er at me òg prioriterer jordbruk i møte med andre saker. Det meiner eg er den vesentlegaste forskjellen på SV og Senterpartiet i landbrukspolitikken.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat