Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Senterpartiet ønskjer å fjerna samordningsregelen. Difor er me opptekne av at det er positivt at det skjer knytt til fødsel og graviditet i denne jordbruksavtalen. Der hadde jo jordbruksorganisasjonane, etter å ha kjempa for dette lenge, resignert litt og peika på Stortinget. Så kom regjeringa dei i møte i forhandlingane. Det var svært gledeleg. No har faglaga og staten vorte einige om den innramminga. Det forslaget som ligg på bordet i dag, vil altså ikkje fjerna samordninga. Det er ikkje eit vedtak om å fjerna samordninga. Det er eit ønske fram til statsbudsjettet. Me får koma tilbake til denne saka når me skal diskutera statsbudsjettet i haust. For Senterpartiet sitt mål er heilt klart: Samordninga skal fjernast, men no behandlar me jordbruksavtalen som er forhandla fram, og då forheld me oss til han. Det er mange forslag i dag som me isolert sett kunne ha vore for, men me har valt å prioritera og støtta jordbruksoppgjeret som ligg føre.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
