Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Ofte i desse replikkvekslingane har ein tenkt ut på førehand kva ein skal spørja om, før debatten startar, men no tenkte eg at eg skulle gje Strifeldt ein sjanse og høyra på kva han sa i innlegget sitt, og så skulle eg prøva meg på å utfordra han på eit tema som dukka opp då han snakka. Det gjorde det jo på så mange måtar. Eg har lyst til å utfordra representanten Strifeldt på å seia litt om korleis han ser for seg ein marknadsbasert mjølkeproduksjon i Finnmark, og om han kan gje noko anslag over kva den mjølka ville ha kosta forbrukaren i butikken?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
