Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 18. jun 2026

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakInnstilling fra næringskomiteen om Endringer i statsbudsjettet 2026 under Landbruks- og matdepartementet (Jordbruksoppgjøret 2026) (Innst. 452 S (2025–2026), jf. Prop. 98 S (2025–2026))

Innlegget

Eg har gledd meg til å seia følgjande til representanten Erlend Larsen: Her må du kunna din historie! Larsen peiker på jordbruksoppgjeret i 2014 og 2017 og seier at det då vart stemt imot. Då var det jo ikkje nokon avtale. Det vart jo brot dei åra. Men Senterpartiet har stemt mot ein inngått avtale. Det gjorde ein i 1997. Eg trur ein enno diskuterer i partiet kor stor suksess det var. Når det gjeld historieskrivinga til Høgre i det vidare, peiker dei på at marknadsreguleringa er eit hinder for norske bønder og for inntektene. Det er vel slik at historia har vist oss at om det er noko som er øydeleggjande for inntektene til matprodusentane, er det overproduksjon. Historisk sett har det vore fallande prisar som har vorte kompensert med auka produksjon, som har ført til endå meir fallande prisar og i neste rekkje konkurs. Det er jo difor me har den reguleringa me har av marknaden i Noreg, for at det ikkje skal skje igjen. Det er viktig at me i denne avtalen får på plass ei ordning for samordninga i forbindelse med svangerskap og fødsel. Det gleder Senterpartiet seg stort over, og det skal me følgja opp i statsbudsjettet som kjem. Senterpartiet er forsiktig med å inngå i politiske fleirtal i jordbrukspolitikken der Framstegspartiet er ein del av det, for ein gjev ein liten flik, men stemmer altså mot heilskapen. Ein gjev nokre millionar, men stemmer mot milliardane. Det er ein ganske dårleg landbrukspolitikk. Eg vågar å seia dette, for representanten Strifeldt har takka og ønskt oss god sommar og sagt han ikkje skal ha fleire innlegg. Han har ein tendens til å ta innlegg etter mine innlegg. Det er eit faktum at Framstegspartiet manglar respekten for dei berebjelkane som jordbruksforhandlingane, tollvernet, marknadsreguleringar og eigedomslovgjevinga faktisk er. Det er det dette handlar om. Eg har likevel lyst til å rosa Høgre og Framstegspartiet for å vera så tydelege som dei er i innstillinga, for er det noko som er vanskeleg og farleg for den landbrukspolitiske diskusjonen, er det oppfatninga at dette er eit felt der me er einige om alt. Nei, me er ikkje einige om alt. Det er store skilje, men dei seinare åra har kanskje litt for mykje av energien vorte brukt til å diskutera internt mellom parti som definerer seg som landbrukspositive parti. No meiner eg det er viktig å få dei reelle konfliktlinjene opp og fram. Det meiner eg både innstillinga og debatten om jordbruksoppgjeret har gjort.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat