Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 18. jun 2026

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakInnstilling fra næringskomiteen om Endringer i statsbudsjettet 2026 under Landbruks- og matdepartementet (Jordbruksoppgjøret 2026) (Innst. 452 S (2025–2026), jf. Prop. 98 S (2025–2026))

Innlegget

Det siste innlegget her synest eg var veldig oppklarande. Det går jo ikkje an i same setning å seia at ein er for forhandlingsinstituttet, og så har ein brukt forhandlingsinstituttet til å forhandla og vorte einige om ein avtale som ligg innanfor Stortingets vedtekne politikk – og så stemmer ein imot, og så seier ein at ein er for. Høgre har òg lagt seg til ein vane om at sjølv om avtalen er inngått og vedteken av Stortinget, så bruker ein det som salderingsbudsjett på budsjetter til hausten. Og kor har ein det frå at Høgre er mot forhandlingsretten? Det står jo i innstillinga at ein vil integrera jordbruksforhandlingane tettare i den øvrige økonomiske politikken – og kor er det me gjer ein tett økonomisk integrering av politikken? Jo, det er i statsbudsjettet, og då er forhandlingsretten ikkje lenger eksisterande. Representanten Larsen etterlyste Senterpartiets haldning i 2015 og i 2021, og det kan han godt få. I 2015 hadde den dåverande Solberg-regjeringa lagt fram ein avtale som var sterkt i strid med det Stortinget nyleg hadde vedteke av føringar for politikken. Me la då inn forslag om ein tilleggsløyving på 545 mill. kr – trur eg det var, men ta det med eit lite atterhald. Så vart det nedstemt, og så stemte vi for avtalen. I 2021 var det, så vidt eg hugsar, brot i forhandlingane, sånn at det var regjeringa sitt tilbod som kom til Stortinget. Då stiller det seg noko annleis. Det er svært viktig at jordbruket og staten sit rundt det same bordet. Det er difor me ikkje har den typen demonstrasjonar i Norge som ein har i andre land i Europa, der jordbrukets organisasjonar er reine lobby-organisasjonar, og det er den vegen Høgre tek oss med på. Det er klart merkbart i innstillinga som me behandlar no, at Høgre har teke eit stort sprang i å tilnærma seg FrP i landbrukspolitikken, og det meiner eg er svært uheldig for norsk landbruk og for alle oss som ønskjer å styrkja den norske matproduksjonen. FrP og Høgre sin politikk har éin eller to konsekvensar, eller begge, og det er anten reduksjon i sjølvforsyninga eller – med meir marknad og mindre støtte – ein kraftig auke i matvareprisane i Noreg. Det mest sannsynlege er begge delar.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat