Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg tenkte eg skulle starte med litt ros i innlegget mitt no. 16. mai vart det inngått ein god jordbruksavtale mellom staten, Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag, og eg hadde tenkt å seie gratulerer. Vi skal behandle det no, og det vert sikkert vedteke. Så tenkte eg at eg ville gje litt kred til saksordføraren for denne saka. Eg er jo fersk, men eg tenkjer det er eit stort arbeid å vere saksordførar for ein sånn type sak, så det er godt jobba, Geir Pollestad! Denne avtalen gjev eit solid inntektsløft for norske bønder, og har ei ramme på 3,66 mrd. kr, som gjev grunnlag for auka inntektsmoglegheiter på 91 341 kr per årsverk. Det gjer at målet for økonomisk jamstilling kan nåast i 2027. Det er eit resultat partane kan vere stolte av, og Kristeleg Folkeparti stemmer for avtalen. Men det eg vil bruke mest tid på i dette innlegget, er ikkje kronebeløpet, men modellen som ligg til grunn for denne avtalen. Noreg er det einaste landet i verda der bønder har ein lovfesta forhandlingsrett med staten om sine eigne inntektsvilkår. Det har vi hatt sidan 1950. I ei tid med aukande internasjonal uro er dette ikkje ein formalitet vi skal leggje bort når det passar. Det er berebjelken i den norske landbruksmodellen. Det gjev bonden ein reell motpart, og det gjev den føreseielegheita som trengst når investeringar i fjøs, jord og maskiner skal betalast ned over eit bondeliv. Det sikrar at vi har bønder i heile landet. Difor synest eg det er litt urovekkjande at FrP og Høgre i innstillinga i saka seier noko om å integrere jordbruksoppgjeret tettare i den økonomiske politikken elles. Det er eit sitat frå den merknaden. Det er urovekkande. Den enkle oversettinga av dette er at bondens forhandlingsrett skal byggjast ned. Slik oppfattar Kristeleg Folkeparti dette. Det er ikkje ei modernisering, nei, det er eit linjeskift som Kristeleg Folkeparti ikkje vil vere med på. For oss handlar landbrukspolitikk om forvaltaransvar. Vi forvaltar matjorda til fellesskapet på vegner av dei som kjem etter oss. Det er bakgrunnen for at terskelen for nedbygging av dyrka og dyrkbar mark må vere svært høg, og at bu- og driveplikta må handhevast i praksis, ikkje berre stå i lova. Vi meiner at familielandbruket er berebjelken i norsk matproduksjon. Den sjølveigande bonden gjev lokal kunnskap, kontinuitet og levande bygder i heile landet. Difor har vi i vår merknad teke til orde for gardssparing for unge bønder, med skattefrådrag etter modell av BSU-ordninga. Vi har ein jordbrukskonto som forslag, som gjer det mogleg å fordele inntekt og skatt over fleire år. Det er konkrete verkemiddel for eit generasjonsskifte vi veit kjem, særleg for bruk i mellomsjiktet som verken har stordriftsfordelar eller fangast opp av særordningar for dei minste. Vi er òg glade for at avtalen fjernar samordninga for avløysartilskot ved svangerskap, fødsel, adopsjon og omsorgsovertaking for samtlege inntekter. Det er nettopp slike grep som avgjer om vi får ny rekruttering til næringa, særleg blant kvinner. Gjødselprisane har stege markant i kjølvatnet av krigen i Iran. Det er ei påminning om at matberedskap ikkje er ei øving vi gjer på papiret, men noko som byggjast kvar dag gjennom korn, gras og mat, utmarksressursar i heile landet. For KrF ligg målet om 50 pst. sjølvforsyning innan 2030 fast. Når det gjeld klima, må jordbruket ha ein del av ansvaret, men omstillinga må skje i samarbeid med næringa, ikkje ved at vi i denne salen legg nye særavgifter på dei norske bønder og det dei produserer. Kristeleg Folkeparti går imot særskilde avgifter på raudt kjøt. Denne avtalen er god fordi den styrkjer bondens inntekt utan å svekkje modellen som forhandlingane byggjer på. Det er den kombinasjonen KrF vil fortsetje å forsvare. Jordbruket skal vite at det finst eitt parti på borgarleg side som står last og brast med forhandlingsinstituttet, uansett kva fleirtal som styrer landet.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
