Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 18. jun 2026

Ingrid Fiskaa
Ingrid Fiskaa
Sosialistisk Venstreparti·Rogaland

SakInnstilling fra Stortingets presidentskap om godtgjøring for stortingsrepresentanter og regjeringsmedlemmer (Innst. 463 S (2025–2026))

Innlegget

Då eg var ny stortingsrepresentant for snart fem år sidan, var godtgjeringa for representantar nesten 990 000 kr i året. Då gjekk eg kraftig opp i løn frå jobben som lærar i lektorstilling med fleire års ansiennitet i vidaregåande skule. Snart fem år seinare er godtgjeringa her, viss fleirtalet får viljen sin, snart 1,3 mill. kr i året. Det er ein lønsauke på nesten 300 000 kr. Eg kan lova at lektorløna ikkje har blitt auka tilsvarande i mellomtida. Det vil altså seia at overgangen frå stortingslivet til lærarlivet blir større når eg ein gong går tilbake, og då med negativt forteikn når det gjeld løn, enn det var då eg gjekk hit frå læraryrket. Kvart år sidan eg kom på Stortinget har SV og eg føreslått å setja ned godtgjeringa og laga eit nytt system, der stortingsrepresentantar ikkje er blant dei 10 pst. høgast løna i Noreg, og med årlege kronetillegg tilsvarande frontfagsauken av ei gjennomsnittsløn. Kvart år har SV blitt stemd ned, men me gir oss ikkje, og me fremjar altså dei same forslaga på nytt i dag. Påstanden min er at det framleis vil gje stortingsrepresentantar ei heilt brukbar løn. Når me føreslår dette år etter år, er det av ein grunn, og det er med stort alvor. For det fyrste føyer den sterke auken av stortingsgodtgjeringar og godtgjeringar for regjeringsmedlemer, og eg vil seia veldig mange av dei lokale folkevalde rundt omkring, inn i eit mønster der inntektsforskjellane i Noreg som heilskap aukar, og der dei på toppen drar ifrå. Store forskjellar i eit samfunn er gift for samfunnet. For det andre er det sånn at folkestyret, eller demokratiet, som me gjerne kallar det, òg i Noreg er under kraftig press, og ein av grunnane til det er at avstanden mellom innbyggjarar flest og folkevalde aukar. SV meiner at folkevalde og regjeringsmedlemer hadde hatt godt av litt meir bakkekontakt. Me hadde hatt godt av å vita litt meir om korleis dei fleste av dei me representerer, har det. Det trur eg òg hadde gitt oss meir tillit. Med det tar eg opp forslaga.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Ingrid Fiskaa (Sosialistisk Venstreparti) — Innlegg · 18. jun 2026 — OverStortinget