Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 18. jun 2026

Ingrid Fiskaa
Ingrid Fiskaa
Sosialistisk Venstreparti·Rogaland

SakInnstilling fra Stortingets presidentskap om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Arild Hermstad og Julie E. Stuestøl om endrede kriterier for valg av medlemmer til Den Norske Nobelkomité (Innst. 462 S (2025–2026), jf. Dokument 8:129 S (2025–2026))

Innlegget

Fyrst vil eg takka MDG for dette initiativet og det opphavlege representantforslaget. Eg fremjar i innstillinga forslag som liknar mykje på dei opphavlege forslaga frå MDG. Nobelkomiteen er uavhengig, blir det påstått. Grunnen til at eg trur me alle ønskjer å ha ein uavhengig komité, er at Nobelkomiteen skal stå fritt til å utnemna prisvinnarar – utan å måtta ta omsyn til kva som tener Noreg og norsk utanrikspolitikk til ei kvar tid. Det kan vera fredsforkjemparar og menneskerettsforkjemparar som taler stormaktene midt imot. Det kan vera prisvinnarar som blir rekna som kontroversielle, både i norsk og internasjonal offentlegheit. Eg vil seia at det skal godt gjerast å ikkje irritera nokon med makt viss du arbeider for fred i ei verd prega av krig, manglande respekt for folkeretten og auka stormaktsrivalisering. Når kritikken av prisvinnaren og Nobelkomiteen kjem, er det viktig og bra at det ikkje er Stortinget eller regjeringa som står ansvarleg for det valet. Det ville ha vore uheldig viss ein kunne påstå at Noreg bruker fredsprisen til å oppnå utanrikspolitiske mål, eller at Noreg unngår å finna vinnarar som hadde fortent prisen, men som me ikkje tør å peika på i frykt for negative konsekvensar. Difor kom jo også standardsvaret om at komiteen er uavhengig. Men er det sant? Det er i alle fall ein veldig diskutabel påstand, for å seia det sånn, og det er i alle fall ikkje veldig lett for alle andre å sjå med dagens kriterium og prosess for utnemning. For sanninga er at det er ingen andre kriterium enn at eit av dei større partia på Stortinget synest at du er ein bra kandidat. Det finst ingen krav eller føringar om at medlemene skal ha greie på eller erfaring frå det feltet Nobelkomiteen arbeider med, nemleg fred, diplomati, nedrusting og konfliktløysing. Difor, og fordi prosessen utelukkande er bestemt av styrkeforholdet på Stortinget, er det ein svært tynn påstand at komiteen er uavhengig. Og om det enkelte medlem eller komiteen som heilskap skulle vera aldri så heiderlege og ubestikkelege, er det ingenting ved kriteria eller prosessen som sikrar ein uavhengig komité. Eg stiller meg sjølvsagt bak ønsket til eit samla presidentskap om ein heilskapleg gjennomgang av alle sånne utval, men dette tilfellet, som gjeld utnemning av Nobelkomiteen, bør Stortinget no retta opp i. Då tek eg opp forslaga i innstillinga.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat