Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Mange bønder har lenge mangla velferdsordningar som me andre tek for gjeve, men dette oppgjeret er eit gledeleg framsteg. No blir det teke eit godt steg for å retta opp i denne uretten, ved at bøndene no får reell rett til foreldrepengar ved fødsel og sjukdom, ved å avvikla den såkalla samordninga. Men så gjenstår det å gjera det same ved sjukdom, og me er fleire parti i dag som har forslag som ber regjeringa om å føreslå å avvikla denne i forbindelse med statsbudsjettet for neste år. Senterpartiet er ikkje med på dette forslaget, sjølv om Senterpartiet har det i sitt program. Difor er mitt spørsmål: Kvifor er ikkje Senterpartiet med på å retta opp i denne uretten?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
