Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Representanten frå Høgre ramsa opp mange gode mål innleiingsvis i innlegget sitt, men essensen som iallfall eg får ut av innlegget, er at Høgre ikkje er villig til å bruka pengar på landbruk, og eg vil seia knapt nok på politikk heller, i alle fall ikkje reguleringar som vil gjera det mogleg å driva matproduksjonen i heile landet. Då er spørsmålet mitt: Vil Høgre overføra denne logikken og bruka same medisin òg på forsvar og politi – altså kutta kraftig i budsjetta og la det stå til?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
