Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Kva skal me leva av? Det lurar me av og til på. Me skal i alle fall leva av mat. Mat, saman med rein luft og reint vatn, er eit minimum av det me må ha – og litt kjærleik, så klart. Viss ikkje Stortinget kan ordna med kjærleik til alle, bør me i alle fall ta oppgåva med å sikra nok mat og næringsrik mat til alle innbyggjarar på høgaste alvor. Det er ei oppgåve Stortinget og ulike regjeringar ikkje har teke tilstrekkeleg på alvor i mange år. Tanken har vore at me alltids kan kjøpa det me treng, på den internasjonale marknaden. Det har gjeve Norge ei sjølvforsyningsgrad på under 40 pst. – i ei verd der mat er i ferd med å bli eit knappleiksgode, og der internasjonale forsyningskjeder blir stadig mindre pålitelege. Jordbruksoppgjeret må sjåast i denne samanhengen. Jordbruksoppgjeret er det fremste verkemiddelet for å auka sjølvforsyninga på mat, som Stortinget har bestemt at skal opp. Nokon misforstår og trur at jordbruksoppgjeret handlar om bønder, men i grunnen handlar det minst like mykje om alle oss andre. Når nokon av oss er opptekne av bondeinntekta, er det fordi me vil at nokon skal gjera jobben med å produsera mat. Når me vil redusera inntektsgapet mellom bønder og andre grupper i samfunnet, er det fordi me vil at matprodusentane våre ikkje skal gje opp og gå over i anna arbeid. Norge treng fleire bønder, ikkje færre. Med fleire bønder kan me ta i bruk lokale ressursar der dei er, og produsera meir næringsrik mat. SV er difor glad for at dette jordbruksoppgjeret bidreg til å tetta inntektsgapet for gjennomsnittsbonden. Det er på høg tid at bønder får eit skikkeleg inntektsløft. Eg håper at det bidreg til å stoppa nedgangen i bruksnedlegginga, og til å hindra at endå meir jord går ut av bruk. Problemet er at det ikkje er så veldig mange av den der gjennomsnittsbonden. Sjølv om inntektsgapet blir tetta på eit overordna nivå, er det mange bønder som framleis har svært låg inntekt. Difor har det vore avgjerande for SV at Stortinget ikkje berre set ambisiøse, overordna mål, men også har verkemiddel til å tetta inntektsgapet for alle grupper av bønder – uavhengig av type produksjon, størrelse på bruket og kor i landet matproduksjonen skjer. Difor vil me fortsetja å insistera på at talgrunnlaget for å rekna ut bondeinntekta må vera realistisk og ikkje sminka verkelegheita. Difor meiner me at målet om produktivitetsvekst ikkje kan vera overordna andre mål, og at måla om jordbruk over heile landet, god utnytting av ressursane, matberedskap og eit mangfald av bruk er viktigare. Difor er me svært kritiske til særleg eitt element i dette jordbruksoppgjeret, og det er å heva botnfrådraget. SV er imot heile botnfrådraget i jordbrukstilskotet. Det tar frå dei som har minst, og rammer dei små bruka uforholdsmessig hardt. Nesten å dobla botnfrådraget er eit radikalt grep i feil retning og vil bidra til å gjera det endå mindre lønsamt å produsera mat på lokale ressursar i distrikta. Viss me skal ta den offisielle grunngjevinga for botnfrådraget på alvor, har me eit forslag som bør kunna samla fleire parti, og det er å gjera botnfrådraget om til ein kvalifiseringssats, der alle som produserer over nivået for denne satsen, får tilskot for det dei faktisk har produsert. Eg vil avrunda med ei skikkeleg gladsak i dette jordbruksoppgjeret, og det er gjennomslaget for betre velferd for bønder. Dei fleste bønder har fram til no ikkje hatt tilgang på foreldrepengar ved svangerskap og fødsel på lik linje med alle andre. SV har lenge kjempa for å avvikla denne såkalla samordninga, og i dag er det verdt å feira. Neste steg må vera å avvikla samordninga også ved sjukdom, slik SV og fleire andre parti føreslår. Det står igjen å sjå om norsk matproduksjon på lokale ressursar vil auka framover. Det er lov til å håpa, og dette jordbruksoppgjeret har gode element som peikar i rett retning, men som dei mange forslaga SV fremjar i dag tyder på, har me mykje arbeid igjen. Med det tek eg opp forslaga frå SV.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
