Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg vil stilla eit spørsmål om det såkalla botnfrådraget i jordbrukstilskotet, fordi det er ei av dei mest negative sidene ved eit elles godt jordbruksoppgjer. Botnfrådraget rammer dei minste bruka mest, og den sterke auken i botnfrådraget i dette jordbruksoppgjeret vil gjera det endå mindre lønsamt å produsera mat på norske ressursar i distrikta. I tillegg vil det kunna spenna bein under på den elles gledelege satsinga på marknadshagar. SV og fleire andre parti har eit konstruktivt forslag, synest me sjølve, om å gjera dette botnfrådraget om til ein kvalifiseringssats, der alle dei som produserer over nivået for denne satsen, får tilskot for det dei faktisk produserer. Vil statsråden vurdera ei slik omlegging, som me her føreslår, slik at me ikkje undergrev målet om meir matproduksjon på norske ressursar i distrikta?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
