Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Det høyrdest på statsråden ut som om det er eit problem at me har det me i alle fall før i tida kalla mangesysleri rundt omkring i distrikta, der folk kan drive med noko anna og òg matproduksjon i tillegg. At ein då skal straffa dei små bruka på den måten som botnfrådraget gjer, synest eg er urimeleg. Eg har òg tenkt å spørja om noko anna, og det gjeld samordninga. Statsråden var inne på det i innlegget sitt. Me er einige om at det er veldig gledeleg at me no kvittar oss med samordninga når det gjeld fødsel og barsel, men samordninga ved sjukdom består. Statsråden argumenterer for at ein skal fortsetja å gjera det. Det tilskotet me snakkar om her, om avløysing ved sjukdom, betaler berre dokumenterte utgifter til avløysar. Ein lærar og sjukepleiar betalar ikkje vikaren sin sjølv, så spørsmålet mitt er: Kvifor skal det gjelda heilt andre reglar for bønder?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
