Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 18. jun 2026

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Endringar i statsbudsjettet 2026 under Helse- og omsorgsdepartementet (som følgje av endra takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar) (Innst. 449 S (2025–2026), jf. Prop. 101 S (2025–2026))
Innlegget
I denne saka gir vi fullmakt til regjeringa og departementet til å gjere endringar i statsbudsjettet for 2026, slik det er føreslått. Grunnen til at eg tar ordet, er endringa i basistilskotet for fastlegar. I stortingsmeldinga for allmennlegetenesta i fjor vart det varsla endringar i finansieringa, slik at ein større del av inntektene til fastlegane skulle koma gjennom basistilskot, altså som eit tilskot for innbyggjarane legen har på lista si. Bakgrunnen for endringa var bl.a. at fastlegane i mindre grad skulle styrast av takstar og i større grad kunne bruka tid der behovet var størst. Senterpartiet var ein del av det fleirtalet av partia på Stortinget som stilte seg bak forslaget om ein trinnvis auke i andelen basistilskot. Utjamningstilskotet skulle avviklast frå 1. juli 2026, og dette såkalla sentraliseringstillegget gitt av pasienttilpassa basistilskot skulle styrkjast. Vi har fått lese at bakgrunnen var at utjamningstilskotet i dag er lite treffsikkert, og at ved å styrkja sentraliseringstillegget vil fleire distriktskommunar få meir føreseielegheit i støtta til å drifta fastlegeordninga. I motsetning til det som vi har fått ei forståing for før, vert ikkje dette opplevd som små justeringar, men som grep som kan få store konsekvensar for mange fastlegar og for stabiliteten i fastlegeordninga lokalt. Det som no vert føreslått, ville gjort at mange fastlegar kunne fått ein betydeleg svekking av inntektsgrunnlaget sitt. Eg har fått fleire meldingar frå fastlegar i distriktskommunar om at forslaget til regjeringa er eit av dei mest distriktsfiendtlege som er forsøkt gjennomført i det siste, og at styrkinga av sentralitetstillegget ikkje er i nærleiken av å kompensera for det som vert svekt. Det er òg kome kritikk om at regjeringa ikkje har hatt dialog med Legeforeininga i saka, og at dei først etter førespurnad har fått innsyn i korleis dette ville slå ut for kvar enkelt fastlege, seks veker før det skulle tre i kraft i år. Dersom ein skal gjera slike store endringar, må det skje gradvis, vera godt utgreidd og byggja på einigheit mellom partane. Det er ikkje tilfellet i denne saka. Senterpartiet meiner at konsekvensane ikkje er akseptable, og slik som dette har vorte no, hadde det ikkje hatt Senterpartiet si støtte. Eg er glad for at det er gjort ein pause, og at det no vert gjort i eit grundig samarbeid med Legeforeininga, for å koma til ei einigheit.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat