Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 18. jun 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Endringar i statsbudsjettet 2026 under Helse- og omsorgsdepartementet (som følgje av endra takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar) (Innst. 449 S (2025–2026), jf. Prop. 101 S (2025–2026))

Innlegget

Statsråden viser til at dette er ei oppfølging av allmennlegemeldinga og Stortingets vedtak til den, og det er korrekt. Slik eg les innstillinga frå i fjor, var det Arbeidarpartiet, Senterpartiet, SV og Pasientfokus som skapte eit knapt fleirtal for denne endringa. For Senterpartiets del vil eg no vera tydeleg på at det ikkje var desse konsekvensane vi fekk inntrykk av at denne omlegginga ville føra til, og vi står ikkje bak ei omlegging som vil få så store konsekvensar som vi no høyrer om, særleg frå distriktskommunar. Det som stod i meldinga, var at dette skulle styrkja distriktskommunane slik at ein fekk meir føreseielege vilkår i støtta til å drifta fastlegeordninga, og det er ikkje akkurat det denne debatten har handla om. Spørsmålet mitt til statsråden er: Vil statsråden koma tilbake til Stortinget dersom han ser at dette vil få slike konsekvensar som vi no har høyrt om i vår?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat