Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 18. jun 2026

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Endringar i statsbudsjettet 2026 under Helse- og omsorgsdepartementet (som følgje av endra takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar) (Innst. 449 S (2025–2026), jf. Prop. 101 S (2025–2026))
Innlegget
Først vil eg seia at eg er veldig glad for at det er kome til ei einigheit med Legeforeningen. Eg har tillit til det arbeidet, og at ein har ein god prosess, og målet er å koma til einigheit. Så det at eg tar ordet no, går ikkje på det. Men når statsråden gjentatte gonger viser til Stortingets behandling av allmennlegemeldinga i fjor og seier at det der vart gjort greie for kva endringane ville bety i praksis, må òg statsråden respektera at vi – og eg – som var med og skapte fleirtal for dette, har ei anna oppfatning av det. Eg var med og behandla allmennlegemeldinga, og eg har lese opp igjen det som står om dette både i meldinga og i innstillinga, og eg vil iallfall hevda og eg vurderer at eg – og vi – kunne ikkje sjå då at det skulle få slike konsekvensar som vi no får tilbakemeldingar om. Det er jo ein grunn til at Legeforeningen var såpass tydeleg, og det er vel òg ein grunn til at regjeringa har stoppa opp litt og sett i gang ei arbeidsgruppe. Så eg vil berre be om respekt for at vi som var med og gjorde dette vedtaket, har ei oppfatning av at dei konsekvensane ikkje vart gjort godt nok greie for i den meldinga. Det må ein òg ta med seg i det vidare arbeidet.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat