Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 18. jun 2026

Linda Monsen Merkesdal
Linda Monsen Merkesdal
Arbeiderpartiet·Hordaland

SakMøte torsdag den 18. juni 2026 kl. 10

Innlegget

Eg har gledd meg til denne dagen skulle koma og eg kunne halda dette innlegget, for nokon av dei sterkaste inntrykka eg har fått, har vore når Vestland Bondelag har teke meg med på besøk ut på gardane, og vist meg kva utfordringar dei unge bøndene står i. Det gjorde spesielt inntrykk då eg kom på besøk i Omvikdalen i Kvinnherad og møtte eit ungt par med eit barn på armen som skulle overta generasjonsgarden, men det gjekk rett og slett ikkje. Velferdsordningane var på ingen måte lagt opp til at desse unge bøndene kunne ta fødselspermisjon, vera heime med ungane sine når ungane var sjuke, eller ha sjukdom sjølv, for det å ha avløysarar gjekk ut over Nav-ordningane, og systema snakka ikkje saman. Eg kjenner ei stor glede for dei unge bøndene – og sjølvsagt dei andre bøndene som har utfordringar på andre måtar – når denne samordninga er komen på plass. Det er for meg underleg at Høgre og Framstegspartiet stemmer imot dette. Dette er jo det som er med på å gje valfridom til dei unge bøndene. Det gjev oss eit godt grunnlag for at dei unge bøndene skal kunna få fleire barn, at dei skal kunna dyrka maten sin, og at me skal ha eit levande landbruk i heile landet. Når ein kjem køyrande til f.eks. Vestlandet og ser det flotte naturlandskapet, som er halde i hevd av bøndene våre og av fruktdyrkarane våre, som me òg no legg betre til rette for at skal kunna driva med næringa si, må eg igjen presisera at det er utruleg merkeleg at Høgre og FrP stemmer imot dette. Når me snakkar om beredskap og matberedskap, kven er det då som skal stå i front og sørgja for at denne beredskapen blir ivaretatt? Jo, nettopp dei unge bøndene som skal driva gardsbruka og få opp matproduksjonen. Det er på den måten me no skal sørgja for at me byggjer eit sterkare Noreg, med landbruk i heile landet, med plass til både å leva livet sitt, driva gardsbruk og ha eit arbeid.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Linda Monsen Merkesdal (Arbeiderpartiet) — Innlegg · 18. jun 2026 — OverStortinget