Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 18. jun 2026

SakInnstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om Riksrevisjonens undersøkelse av ressursbruk og effektivitet i Politiets sikkerhetstjeneste (PST) (Innst. 445 S (2025–2026), jf. Dokument 3:6 (2025–2026))
Innlegget
Me står i dag i den mest alvorlege tryggingspolitiske situasjonen sidan andre verdskrig. Trusselbildet vert prega av statleg spionasje, digital sabotasje og samansette truslar. Midt i denne stormen står Politiets tryggingsteneste, PST. Riksrevisjonsrapporten me har til debatt i dag, er ein rapport som rokkar ved fundamentet for norsk beredskap. Konklusjonen er klokkeklar og djupt urovekkjande: Regjeringa, ved Justis- og beredskapsdepartementet, har svikta. Dei har ikkje gjeve PST dei nødvendige ressursane, rammene eller den styringa som trengst for å verna Noreg i ein krevjande kvardag etter den russiske invasjonen i Ukraina. Dette er ikkje berre ei administrativ ripe i lakken. Det er ein alvorleg svikt i den nasjonale tryggleiken vår. Dei siste åra har PST fått nye oppgåver, bl.a. som følgje av ein ny geopolitisk situasjon og eit endra trusselbilde. Likevel har ikkje ressursane, dei overdordna strategiane, lovane og rammene – eller dei operative verktøya for den del – følgt etter. Riksrevisjonsrapporten viser fleire kritiske punkt. IKT-systema er utdaterte, og PST manglar teknologien som trengst for å analysera store mengder data effektivt. I ein digital tidsalder kjempar dei fremste analytikarane våre med verktøy som høyrer fortida til. Vidare viser rapporten til at PST har måtta velja bort viktige førebyggjande tiltak mot spionasje og sabotasje fordi ressursane er knappe. Til sist: PSTs lokalkontor og nærvær i politidistrikta vert svekte. Dei som skal fanga opp signal lokalt, har ikkje hatt god nok kapasitet. Det andre hovudelementet i kritikken handlar om leiing. Riksrevisjonen rettar ein spesielt skarp peikefinger mot styringsevna til Justisdepartementet. Styringa vert beskriven som «svak og utydelig». Regelverksutviklinga heng etter. Departementet har ikkje klart å prioritera kva som er viktigast. Når alt er viktig, vert jo ingenting viktig. PST har mangla klare politiske føringar for korleis dei skal balansera det enorme krysspresset av oppgåver. Dette har skapt frustrasjon internt i tenesta og svekt effektiviteten. I Høgre meiner me at denne rapporten, inkludert den graderte delen og dei to kontrollhøyringane me har hatt i komiteen, viser at ein kan setja alvorlege spørsmålsteikn ved styringsevna til regjeringa i justissektoren. Kritikken går på at regjeringa snakkar høgt om beredskap, men sviktar i den praktiske gjennomføringa. PST sjølv har i etterkant langt på veg stadfesta Riksrevisjonens funn. Dei uttrykkjer at dei kjenner seg igjen i kvardagen som vert beskriven, og at dei sårt treng meir føreseielegheit. Riksrevisjonens og Stortingets kritikk handlar om at regjeringa har vist manglande kriseforståing. Ein kan ikkje tryggja Noreg med gode intensjonar åleine. PST må ha budsjett, teknologi, regelverk og ei politisk leiing som matchar den farlege verda me lever i. Det har dei ikkje hatt i viktige delar av perioden etter Russlands invasjon i Ukraina. Difor stiller Høgre seg bak fleirtalsforslaga i innstillinga.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat