Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Gratulerer til alle som har vore med og signert denne avtala. Eg er glad for den store einigheita frå fleirtalet i næringskomiteen som støttar opp om desse viktige prinsippa som òg næringa sjølv tydeleg ber om. Likevel vil altså FrP og Høgre stemme imot avtala. Eg forundrar meg over det – det høyrest ut som om dei meiner at dei veit betre enn det partane sjølve formidlar og ber om. Dei vil stemme imot tollvernet, og dei vil stemme imot marknadsreguleringa, som begge er vesentlege prinsipp for norsk matproduksjon. Det skremmer mange, og det skremmer òg meg. Korleis kan bønder i dette landet ha føreseielege vilkår for satsing, for investeringsvilje og for tru på framtida som matprodusent då? Kva er eg så glad for? Eg er glad for at ein no jobbar for å tetta inntektsgapet og styrkja inntektsmoglegheitene. Eg er veldig glad for dei viktige velferdsgrepa som vert gjorde for at yngre bønder og kvinner rett og slett kan ha ein tryggare kvardag, at det vert sikra velferdsgode som gjer at ein ikkje vert trekt i frådrag frå anna inntekt ved bl.a. svangerskap og fødsel. Eg er òg glad for at fjellandbruket og satsinga på grovforproduksjon, og beitebrukstilskotet, vert prioritert. Det er viktig for sjølvforsyningsmålet på 50 pst., og det er viktig for stølsdrift her i landet og for å ta vare på kultur- og naturlandskapet. Stølsdrifta er jo òg prioritert gjennom UNESCO, og det seier litt. Det er òg eit solid løft for kornproduksjon og beredskapslagring av såkorn, noko som er enormt viktig. I tillegg kjem ei satsing på frukt og grønt, og det betyr mykje for Buskerud – alt eg har sagt, gjer det, for Buskerud er eit Noreg i miniatyr. Me har alt dette. Me har fjellandbruk i Numedal og Hallingdal, me har korn på Ringerike, og me har frukt og grønt på Eiker og i Lier. Matberedskap i norsk målestokk er avhengig av politisk vilje og samarbeid med bransjen. Matprodusentane gjennom faglaga treng tydelege politiske signal og vedtak som gjev dei tru på framtid og investering i gardsdrifta. Forhandlingsretten i seg sjølv er så enormt viktig, og heldigvis er det framleis eit fleirtal i denne salen som sørgjer for at norsk matproduksjon vert prioritert ut frå premissa her i landet. Det er viktig for bøndene, men det er endå viktigare for oss som ikkje har sauer i fjøset eller potet i åkeren sjølv.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
