Innlegg · 19. jun 2026

SakInnstilling fra finanskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Ingrid Liland, Oda Indgaard og Frøya Skjold Sjursæther om å dele ut statens inntekter fra klimaavgifter til befolkningen (Innst. 458 S (2025–2026), jf. Dokument 8:256 S (2025–2026))
Innlegget
Det raudgrøne laget blir ikkje eit vinnarlag viss ikkje vi tek grep om bemanningskrisa i velferda, gjev folk eit betre liv og meir å rutte med, og samtidig tek vare på miljøet. Eg er stolt over at vi no har eit budsjett som gjer nettopp det. Når vi no er godt i gang med fotball-VM, er det ein fornøyelse å kunne seie at SV har skåra budsjettsesongens første hat trick. Vi hadde tre tydelege mål i sikte då vi gjekk inn i desse forhandlingane – billegare kollektivtransport, betre bemanning og ein meir rettferdig bustadmarknad, og vi har fått ballen godt over mållinja på alle desse tre områda. Det har vore tøffe rundar, og eg vil takke det raudgrøne laget for en god kamp. Vi har kjempa hardt og lenge, og sjølv om vi enda forhandlingane på overtid, unngjekk vi både ekstraomgangar og straffekonkurranse og ikkje minst har vi fått ei einigheit med eit tydeleg SV-stempel. I ei tid der renta aukar og alt blir dyrare, kuttar vi prisen på månadskortet med ytterlegere 160 kroner. Det betyr eit kutt for månaden på heile 260 kroner til saman, eller meir. I tillegg får mange barn og unge meir enn halvert prisen på månadskort. Det kjem 600 mill. kr til utbetring av kollektivtilbodet med fleire bussavgangar og vedlikehald for å få den norske jernbanen tilbake på skjener. Ei av dei beste investeringane vi gjer for framtida, er å satse på barna og velferda. For eit år sidan stod SV i denne salen og fekk på plass ei tilskotsordning for å styrkje bemanninga i barnehagen, ei styrking som skulle kome på toppen av den bemanninga som allereie var i barnehagen. Det kom 200 mill. kr i revidert nasjonalbudsjett i fjor, ytterlegere 600 mill. kr i statsbudsjettet, og no toppar vi ordninga med ytterlegere 350 ferske millionar til fleire hender og 500 nye tilsette i barnehagen. På eit år har SV meir enn tangert kravet om ein bemanningsmilliard til barnehagen. Det er over 100 år sidan åttetimarsdagen blei innført. Det er på tide med ein ny reduksjon i arbeidstid. Vi ruller no ut eit prosjekt med sekstimarsdag i fleire barnehagar landet over. Den norske bustadmarknaden er ei forskjellsmaskin. Har ein ikkje rike foreldre, slit ein med å kome inn på bustadmarknaden, og vi har rekordauke i leigeprisane. Det mest brutale er likevel at 500 born manglar ein fast stad å bu i Noreg i dag, og slik kan vi rett og slett ikkje ha det. Difor har vi fått på plass ei stor bustadpakke. Over år har SV sikra milliardar til Husbanken, og no begynner verkeleg kommunane å få auga opp for at her er det pengar å hente for å byggje bustader. I tillegg startar vi ei heilt ny tilskotsordning som skal sikre fleire utleigebustader i kommunane og bidra til at fleire bustader blir bygde. Gjennom denne nye tilskotsordninga får kommunane støtte til å kjøpe leilegheiter i burettslagsprosjekt som er på gang og slik få fart på bustadbygginga og sikre fleire utleigebustader og kommunale bustader. Og som om ikkje det var nok, startar vi eit nytt bustadkapittel med ein ikkje-kommersiell bustadmarknad gjennom eit arbeid med leigebuarsamvirke som kan realiserast i pilot i Tromsø. Og saman med ei tydeleg regulering av korttidsutleigeselskap som Airbnb, set vi ytterlegere fart på bustadpolitikken. Nesten halvparten av budsjettramma går til miljø- og klimatiltak. Ei uroleg verd har vist oss kor sårbare vi er og kor avhengige vi er av olja. Difor var det svært viktig for SV å få til ei einigheit som får fart på utsleppskutta og omstille Noreg. I førre periode fekk SV på plass et eige program som skulle bidra til å fjerne dei verkeleg store utsleppspunkta i Noreg. Eg er enormt stolt over dei 700 millionane i haust, og ikkje minst den heile nye milliarden i dette reviderte budsjettet, som då er nok til at ein kan realisere fangst og lagring av utsleppa frå forbrenningsanlegget til BIR i Bergen. Det er no ti år sidan eg og Hordaland fylkesting vedtok å elektrifisere ferjene i Hordaland. Over natta kutta vi utsleppa frå ferjene med 90 pst. Alt låg til rette for at hurtigbåtane skulle følgje etter, men det skjedde ikkje. I staden har hurtigbåtane seila sin eigen sjø etter at Arbeidarparti–Senterparti-regjeringa i 2024 fjerna klimakrava. Difor er eg superfornøgd med at vi i dette budsjettet har fått hurtigbåtsatsinga tilbake på rett kjøl att, og at vi no skal få klimakrav tilbake att. I Noreg er forskjellane på sitt høgaste på hundre år. Men vi skal jo være annleislandet. Difor set vi ned eit forskjellsutval som skal kome med tiltak for å få forskjellane ned og velferda opp. Samtidig styrkjer vi demokratiet gjennom fleire titals millionar til fleire sivilsamfunnsorganisasjonar. Som valt inn frå Hordaland er eg glad for å ha sikra pengar til Fargespill, Bergen Kjøtt, Bergen Pride, Epos og ikkje minst Stad skipstunnel. Då er det berre for meg å spele ballen vidare til landslagsgutane og satse på minst like gode resultat resten av sommaren som det dei viste oss denne veka. Og om det blir hat trick for Noreg også, står att å sjå.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat