Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 19. jun 2026

Marthe Hammer
Marthe Hammer
Sosialistisk Venstreparti·Hordaland

SakInnstilling fra finanskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Ingrid Liland, Oda Indgaard og Frøya Skjold Sjursæther om å dele ut statens inntekter fra klimaavgifter til befolkningen (Innst. 458 S (2025–2026), jf. Dokument 8:256 S (2025–2026))

Innlegget

Eg teiknar meg ein gong til fordi det er to område i dette budsjettet som fortener å bli nemnde om igjen, for det er så viktig for dei det gjeld. Det er auken i minstepensjonen og at vi reverserer kuttet for dei uføre. Den 1. mai i fjor fekk vi den største auken i minstepensjonen på over ti år, etter at SV hadde forhandla det inn i statsbudsjettet for 2025. I revidert statsbudsjett fortset vi denne satsinga. No aukar minstepensjonen med 8 000 kr, og denne gongen er det ikkje berre for dei einslege – det er også for gifte og sambuande. Mange minstepensjonistar har ei inntekt som er under fattigdomsgrensa totalt. Med dei 6 000 kr som kom i fjor, og dei 8 000 kr som kom no, gjer vi eit løft for folk og for lommeboka i ei tid der alt blir dyrare. Til sist: Eg er glad for at vi har fiksa det uverdige og overraskande kuttet for uføre og sambuande. Det skulle berre mangle.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Marthe Hammer (Sosialistisk Venstreparti) — Innlegg · 19. jun 2026 — OverStortinget